Transport og Parkering under Voss Cup

Transport og parkering under Voss Cup

Voss Cup nærmar seg – berre 9 dagar igjen! Me gler oss veldig til å ta i mot 670 lag til ein stor fotballfest. Me får ein del spørsmål om transport og parkering, så her kjem litt informasjon om dette.

Transport til Voss

Me oppmodar folk til å reise kollektivt, for å redusera biltrafikken. Me minner om Vy vest sitt Voss Cup tilbod, som ein kan lese meir om her.

Det har vore ein del vegstenging på E16 den siste tida, og me er i fortløpande dialog med statens vegvesen for å finne gode løysingar under cupen. Me vil informere meir om dette, når det er klart.

Elles ynskjer me at folk reiser i god tid, då det er mange som skal til Voss denne dagen.

Berekn god tid, køyr forsiktig og bruk bilbelte!

Parkering under Voss Cup

På nettsida til Voss Parkering kan ein få oppdatert parkeringsinformasjon på Voss. På kartet under ser ein parkeringsplassane i Voss Sentrum. Me minnar om at ein på desse må betale avgift. Det kan ein anten gjera ved å nytte ein av automatane, eller bruke appen til EasyPark eller SmartPark+.

Det er viktig at ein respekterer parkeringsreglane under cupen, for alle sitt beste.

Voss Parkering - parkeringsplasser i sentrum av Voss

Avgiftsfri parkering under Voss Cup

Me har gode samarbeidspartnarar, som stiller fleire parkeringsplassar til disposisjon under cupen. Her kan ein parkera avgiftsfritt unde cupen. Antal plassar varierer.

Avisa-Hordaland – Evangervegen 32

Sylvsmidja – Peter Bondes veg 78

Vossafår – Meierivegen 8

Tine melk – Meierivegen 3

Transport under cupen

Shuttlebuss

Voss Cup har fleire shuttlebussar som går heile tida, i to forskjellige ruter.

Rute 1: Tinghuset – Voss Vidaregåande – Skulestad skule – Voss Vidaregåande skule – Tinghuset

Rute 2: Tinghuset – Palmafossen – Tinghuset

Bestille transport

For dei som bur på overnattingsplassar, som ikkje er i gangavstand til banane og ikkje har tilgang til shuttlebuss, så kan ein bestille transport via sekretariatet til Voss Cup.