Tryggleik

Sikkerheitsrettleiing frå Politiet på Voss

Politiets visjon er at alle som er på Voss Cup skal føle seg trygge gjennom arrangementet. Me ynskjer derfor å gje nokon råd for å gjere Voss Cup helga bra for alle involverte.

Det er viktig at alle lag er flinke til å avtale møteplasser dersom ein kjem bort frå kvarandre. Sørg for at alle på laget veit kva skule/overnattingsplass de bur på og at alle har telefonnummer til lagleiar/kontaktperson. Slike avtaler bidrar til at ein tar betre vare på kvarandre.

Dersom nokon opplever noko ubehageleg må ein sei frå til ein vaksen og vurdere å kontakte politiet. dersom det skjer noko straffbart skal politiet varslas via telefon 02800 eller ved nød 112.


Politiet har føljande råd for å unngå tjuveri:

  • Tenk over kva verdisaker du tar med deg heimanfrå til Voss cup
  • Verdisaker bør ikkje ligga igjen i tomme klasserom, sjølv når rommet er låst
  • Pass på at uvedkommande ikkje oppheld seg på skulen
  • Avtal at en vaksen har ansvaret for verdisaker når laget spelar kamp. Denne personen bør ha verdisakene under oppsyn heile tida, for eksempel i ein sekk på ryggen
  • Lommeboka bør oppbevarast i ei sikker lomme
  • Oppbevar minst mogleg kontantar i lommeboka
  • Oppbevar mobiltelefonen i innerlomme eller i snor rundt halsen
  • Ver ekstra merksam i store menneskemengder/køar
  • Legg aldri frå deg verdisaker utan at nokon passar på
  • Lås alltid rom og garderobe
  • Gå fleire saman

 

Ta og dele bilete/videoar:
Svært mange har smarttelefonar der ein enkelt kan ta og dele bilete. Det er viktig at ein kjenner til reglene omkring dette.

Det er ikkje lov å publisere (offentleggjere) eit bilete av nokon utan samtykke (eit sokalla portrettbilete).

Dersom bilete viser eit born under 15 år, må ein ha foreldres (verjes) samtykke til å publisere bilete.

Unntak: Når hovudmotivet er noko anna enn den enkelte personen. Ved hendingar som har allmenn interesse (situasjonsbilete) kan bilete publiserast utan samtykke. For eksempel fotballag som spelar kamp.

Kjente personlegdommar har ikkje det same private vernet og det krev ikkje samtykke frå dei for å publisere eit bilete av dei. Men tenk fornuftig og ikkje legg ut krenkande bilete.

Definisjon på offentliggjering av eit bilete er at det publiserast på internett eller vert spreidd til meir enn 20-30 personer. Dvs. publiserast eit bilete i ei lukka gruppe på Facebook med meir enn 20-30 personer er dette å sjå på som offentliggjering av bilete.

Lagbilete er å sjå på som eit portrettbilete og ein må ha samtykke frå alle på biletet for å publisere dette.

Det er ikkje lov å mobbe på nett. Ver varsam med kva du skriv og ikkje legg ut noko om andre som du ikkje ville lagt ut/lest om deg sjølv.

Hatefulle eller diskriminerande ytringar kan bli straffa. Dvs. å true eller håne nokon eller fremje hat pga. hudfarge eller etnisitet, religion eller livssyn, legning eller nedsett funksjonsevne.

Framstilling (eks. bilete/videoar) som seksualiserer born (under 18 år) er straffbart. Det er straffbart både å ta, ha og dele slike videoar og bilete.

Trafikk:
Ikkje parker til hinder for utrykkingskøyretøy eller sperr rømmingsvegar.

Drone:

Fem hovedreglar for hobbybruk av drone:

  • Du skal alltid kunne sjå dronen, berre fly i dagslys og fly på ein omsynsfull måte. Aldri fly i nærleiken av ulykkesstader.
  • Ikkje fly nærare enn 5km frå lufthamn med mindre anna er avtalt. Flyplassen på Bømoen er ikkje ei lufthamn.
  • Ikkje fly høgare enn 120 meter over bakken.
  • Ikkje fly over festivalar, militære områder eller sportsarrangement. Hald ein avstand på 150 meter.
  • Ta omsyn til andre sitt privatliv. Husk reglane for bruk av foto og video av andre personer.

 

Med dette ynskjer politiet på Voss alle deltakarar, aktørar og publikum lukke til på arrangementet og ynskje om ei trygg og fin helg på Voss.

 

Politiet på Voss