Overnatting
Alle spelarar og voksne som skal ha overnatting i Voss Cup sin regi, MÅ ha A-kort.
- Minst to lagleiarar/vaksne må overnatta saman med spelarane.
- I klassane 10, 11 og 12 år er det maks fire overnattande voksne per lag.
- I klassane 7, 8 og 9 år oppmodar me sterkt om at laga ikkje har med fleire voksne overnattande enn naudsynt.
- De bestiller det antalet A-kort de ynskjer, så får de tildelt ein overnattingsstad som passar dykkar behov.
- Me presiserer at overnattinga vår er eit tilbod til spelarar og voksne som fylgjer laget, ikkje øvrig familie.
-
Merk at det ikkje er lov med breiare madrasser enn 90 cm.
Ordensreglar
- Dette er ei barnefotballturnering, og alkohol høyrer ikkje heime her.
- Røyking på overnattingsområdet er ikkje lov.
- Respekter dei tilpassa ordensreglane på kvar enkelt overnattingsstad.
- Dei fleste overnattingsstadane skal brukast alt måndagen etter Voss Cup. Lat lokala sjå like fine ut ved avreise, som ved ankomst.
Busstransport
For dei overnattingsstadane som ikkje ligg i gangavstand til cupen, går det shuttlebuss. Der shuttlebussen ikkje går, er det mogleg å tinge buss på tlf: 469 20 747 Merk at denne telefonen opnar torsdagen før cupen. Me oppmodar om å vera tidleg ute med å ringa.
Privat overnatting
Dersom de ikkje skal ha deltakarkort, men treng overnatting kan me anbefala å ta ein kikk hjå vår gode samarbeidspartner, Voss Resort. https://www.vossresort.no/overnatting
Overnattingsplassar Voss Cup 2025
Me nyttar mange ulike overnattingsplassar under cupen. Under finn ein adressa til dei ulike stadane. Totalt har me over 4000 born og vaksne på overnatting hjå oss denne helga. Alle overnattingsplassar har ein husansvarleg, og våken nattevakt. Me jobbar for at alle skal få ei god oppleving hjå oss. Ved spørsmål send e-post til vosscup@fbkvoss.no.
Innsjekk fredag
frå kl. 17:00 og utover
Utsjekk søndag
seinast kl. 12:00
Førebels oversikt adresser
Bjørgum skule | Tjørnahaugane 60 |
Bulken skule | Rekvesvegen 94 |
Fleischer's Hotel | Evangervegen 13 |
Gjernes skule | Gjernesmoen 8 |
Gamlekinoen | Skulegata 15 |
Gullfjordungen skule | Geili 8 |
Kringsjå | Strengjarhaugen 6 |
Klausabakken barnehage | Sverresbakken 10 |
Nain | Gymnasvegen 4 |
Mowa | Vossabygg 19 |
Palmafossen skule | Tjukkabygdvegen 29 |
Park Hotel | Uttrågata 3 |
Rogne barnehage | Strengjarhaugen 11 |
Salt Voss | Strandavegen 15 |
Skulestad skule | Strandavegen 334 |
Skyttarhuset | Bjørkemoen 109 |
Tvildemoen barnehage | Regimentsvegen 235 |
Ungdomshallen | Uttrågata 18 |
Vonheim | Hestabakkvegen 1 |
Voss barnehage | Regimentsvegen 126 |
Voss Gymnas | Gymnasvegen 5 |
Voss Kulturhus | Evangervegen 6 |
Voss Ungdomsskule | Olavsvegen 5 |
Voss Vidaregåande skule | Strandavegen 252 |