Spele- og turneringsreglar

Voss Cup. barnefotball.

Foto: Geir Geitle / Avisa Hordaland

Turneringsreglar

Turneringa vert avvikla i samsvar med NFF og NFF Hordaland sine retningslinjer. Laga må rekne med å få tildelt kampar under heile turneringshelga som går frå fredag 14.juni 17:00 til søndag 16.juni 15:00.

Jury

Voss Cup sin jury består av fire medlemmer

Kampreglement

Klasseinndeling

Voss Cup 2024 vert spela med desse klasseinndelingane:

KlasseFødd etter
J12/G127’ar01.01.2012
J11/J117’ar01.01.2013
J10/G107’ar01.01.2014
J9/G95’ar01.01.2015
J8/G85’ar01.01.2016
J7/G73’ar01.01.2017

Kampreglar

1. Speletid

Kvar kamp er på

  • 3ar: 2 x 10 minutt
  • 5ar og 7ar: 2 x 13 minutt. Det er 2 min til sidebyte i pausen.

2. Frammøte

Laga må møta ved banen dei skal spela på seinast 5 minutt før kampstart.

3. Ball

Fotball str. 3 vert brukt i J7/G7.

Fotball i str. 4 vert brukt frå J8/G8 til J12/G12

4. Pressfri sone

I femmarfotball: pressfri sone til midtstreken

I sjuarfotball: pressfri sone til midt på eigen halvdel

5. Avspark

Heimelaget tek avspark. Det vil sei det laget som står fyrst i kampoppsettet. Ein kan ikkje skyte ballen rett i mål ved avspark. Ved avspark skal motstandar vere minst:

–        I trearfotball: 3 m  frå ballen til den er i spel

–        I femmar- og sjuarfotball: 5 m frå ballen til den er i spel

6. Drakter

Dersom 2 lag har like drakter, er det bortelaget som skal skifta drakter. Dette kan gjerast ved at laga har med seg overtrekk/vestar i annan farge. Ein kan låne vestar av arrangøren. Banevakta på kvart område har vestar tilgjengeleg.

7. Tal kampar

Alle laga får tilbod om å spele minimum 4 kampar under Voss Cup.

8. Teknisk sone og området rundt banane

Me ber føresette og andre tilskodarar om å respektere området til spelarane, trenarane og lagleiarane. La dei som skal spele og leie kampen få ro til dette. Hald dykk godt utanfor linjene som markerer banen – dette er til god hjelp for både spelarar og dommaren.

9. Ekstra spelar i trear-, femmar – eller sjuarfotball

Det laget som ligg under med 4 mål eller meir kan setja inn ein ekstra spelar. Om målskilnaden vert redusert til under 4 mål, skal det same laget ta ut ein spelar slik at talet spelarar på begge lag vert likt. Ein kan ikkje sette inn meir enn ein ekstra spelar om differansen vert meir enn fire mål.

10. Frispark

Avstand til ball:

  • I trearfotball: 3 meter
  • I femmar- og sjuarfotball: 5 meter

11. Innkast

I trearfotball vert innkast erstatta med med innspark. Ved innspark skal:

  • Ballen ligge i ro og ikkje meir enn ein meter i frå vantet
  • Ingen av motspelaranane skal vere nærmare enn 2 m i radius.

12. Målspark

Trearfotball:

  • Uansett kven som sparkar ballen over vantet så er det målspark
  • Ein legg ballen i ro 1 meter frå mållinja
  • Ballen er i spel når den er i tydeleg bevegelse
  • Ein kan ikkje score direkte frå målspark

Femmar- og sjuarfotball:

  • Målvakten kan velje om den vil kaste eller sparke ballen
  • Ballen er i spel når den er satt i bevegelse
  • Ein kan ikkje scora direkte frå målspark
  • Hugs at alle spelarar skal vera utanfor den pressfrie sona
  • Det er ikkje lov for målvakta å kaste/sparke ballen over midtlinja når ballen har vore over dødlinja. Dersom dette skjer skal det blåsast frispark til motstandarlaget ved midtlinja. Ved redning kan keeper sparke eller kaste ballen over midtlinja

Overårige spelarar Som hovudregel skal spelaren spele på lag i den årsklassen ein høyrer til. Breiddereglementets § 2-3 pkt. (1) og § 2-4
Juryen til Voss Cup kan gje dispensasjon frå alderskravet på grunnlag av: mangel på sportsleg tilbod, sosiale eller medisinske årsaker mm.
Søknadane vert vurdert fortløpande. Svar på søknad vert sendt på e-post. Eventuelle spørsmål kan rettast til: vosscup@fbkvoss.no

Ros og Ris

All tilbakemelding vert tatt imot med takk. Henvend dykk til Sekretariatet, Dommarsekretariatet eller Fair Play utvalet.