Fototider

Lagfoto vert tatt med Vangsvatnet som bakgrunn, rett ved aktivitetsparken (sjå kart).

Banekart 2025

Alle lag på Voss Cup får tilbodet om å kjøpa lagfoto til ein rimeleg pris. Ein bestiller foto og antal eksemplar under «Tjenester» i Profixio. Her opprettar ein også faktura og betaler.

Pris for fotografering: 150 kr

Pris per fotoutskrift: 20 kr

Fototider får ein ved innsjekk, i tilegg til at dei vert lagt ut på nettsida når dei er klare.

Viss fototidene kolliderer med kamp, så kontaktar ein fotografen på Prestegardslandet for å endre tida. Avtal ny tid direkte med fotografen.

Tek de bileta på fredag så kan de hente ut foto frå laurdag 15:00. Om de tek bilete på laurdag så kan de hente foto på søndag frå 10:00. De kan ta turen innom tidlegare på søndagen, men då kan me ikkje garantere at dei vil vere klare.

NB! Hugs å ha med fotolappen når de hentar foto i sekretariatet.