Bilde 15.06.2024, 19 02 49

Dugnadsarbeidaren

Namn: Nicklas Ygre Skorve

Alder: 11

Lag: Voss Madrid G12

Posisjon: Keeper/spiss

Aktuell som: dugnadsarbeidar i grillen

Nicklas har haldt koken i heile dag. Han byrja i grillen i dag tidleg kl 08.00, og han var framleis på jobb då underteikna snakka med han kl 19.00. Dugnadsarbeidet vart berre avbrutt av to fotballkampar i løpet av dagen. «Eg tykkjer det er kjekt når folk vert glad og ynskjer å kome attende», seier Nicklas. Han kan fortelje at det er onkelen som har skaffa han jobben, og det han får attende for arbeidet er nøgde kundar, gode minner og litt mat. Det gror godt i dugnadsbygda!