Kva skjer under Voss Cup?
Ta med deg laget på ein av våre aktivitetar mellom kampane.
Kino
I år syner me filmen Richard Storken og den mystiske juvelen. Alle med deltakarkort (A,B eller C) har fri adgang.
Filmen har 6 års aldersgrense og varer i 1t 25 min. Filmen går i Voss Kulturhus, til fylgjande tider:
Fredag 16. juni kl. 17.00 og 19.00
Laurdag 17. juni kl. 9.00 - 11.00 - 13.00 - 15.00 - 17.00 - 19.00
Sundag 18. juni: 9.00 – 11.00 - 13.00
Merk at på grunn av flaumen i haust har me berre ein kinosal tilgjengeleg. Me oppmodar difor sterkt om at laga ikkje har med seg meir enn ein voksen, me ynskjer å få plass til flest mogleg spelarar. Planlegg kortid laget har lyst å gå på kino, og ver ute i god tid. Voksne utan deltakarkort betaler 100,- for billett.
Aktivitetspark
Mellom fotballkampane anbefaler me å ta ein tur i aktivitetsparken nede ved utescena. Her kan du få utfordra deg sjølv i lag med andre fotballglade gutar og jenter. Kanskje får du ein ny ven?
Kor hardt skyt du? Me set opp radar og måler farten på skota.
Ta med laget ditt og spel fotball i vår oppblåsbare ballbinge.
Det vert ulike konkurransar, kor du kan vinna fine premiar.
Trikseprofilen, Sindre Herre Hansen, held fleire trikseshow på laurdagen.
Frå kl 12.00 og utover på laurdagen vert det musikalske innslag med elevar frå kulturskulen.
Disko
Det vert disko i teltet mellom Utebassenget og Idrettshallen på laurdag kl. 18.30-21.00. Kom og slå deg laus på dansegolvet!
Kiosk
På turneringsområdet finn du fleire kioskar og serveringsstadar. Her kan du få kjøpt eit utval av sjokolade, pølse i brød, vafler, frukt, snacks og drikke.
På parkeringsplassen mellom Idrettshallen og campingplassen finn du grillen. Her kan du få kjøpt herleg grillmat til gode prisar. Dei kan frista med mellom anna fish and chips, kvalitetspylser frå Vossakjøt, og hamburgertallerken.
Det vil vera ein eigen fruktkiosk på området kor du kan kjøpa fersk frukt. Nede ved skateparken kan du kjøpa rykande varm pizza frå Peppes. I kiosken Garasjen ved Kiwibanen sel me kyllingpølser.