
Foto: Natasha Lansiquot
Matservering
Dei som har kjøpt A- og B-kort har tilgang til matservering. Matsalen finn ein i 1.etg i Voss Idrettshall. Inngang på oppsida av hallen. Er det lang kø så oppmodar me alle om å vere tålmodige og følgje køsystemet. Sniking er ikkje Fair play. Ein må syne bandet (deltakarkortet) i døra før ein går inn og et. Det er ikkje tilgang til toalett eller å fylle på flasker i matsalen så gjer dette før ein går inn! Viktig at alle ryddar etter seg.
Opningstidene i matsalen
Kveldsmat fredag | 18:00 - 21:30 |
Frukost laurdag | 07:00 - 10:00 |
Middag laurdag | 12:30 - 16:30 |
Kveldsmat laurdag | 18:00 - 21:30 |
Frukost søndag | 07:00 - 11:00 |
Middagen på laurdag er levert av Tre Kokker Voss AS og vert ein gryterett.
Under frukost på søndag er det moglegheit for å smøre seg niste.
Me oppmodar alle til å sortera søppelet i riktig søppelspann.