Skjermbilde_24-4-2024_115836_www.norgeskart.no

Bubilparkering

Me tilbyr rimeleg bubilparkering under Voss Cup.

For berre 500 kr kan du parkera bubilen din på vår parkeringsplass på Tvildemoen, under heile Voss Cup. Området er ringa inn med raudt på kartet. Her kan ein stå frå og med fredag, til og med sundag.

Det er ikkje tilgang på straum eller vatn, men det er i gåavstand til cupområdet (10-15 min). Området er skjerma, og me har plass til ca 50 bilar. Dersom du ynskjer plass her, sender du ein e-post til vosscup@fbkvoss.no. Du vil då få
betalingsinformasjon tilsendt, og plassen er din når du har betalt. Bubilparkeringa finn du i Regimentsvegen 235, og vidare innover.

Velkomen til Voss Cup og Tvildemoen!