Trafikk / Transport

Transport til Voss Cup, rein cup miljøvenneleg

Foto: NSB / Ole Walter Jacobsen

Trafikk og transport

Transport til Voss

Me oppmodar folk til å reise kollektivt, for å redusera biltrafikken. Som i 2022, prøver me å få på plass ein avtale med Vy. Det vil kome meir informasjon om dette så snart det er på plass.

Berekn god tid, køyr forsiktig og bruk bilbelte!

Bruk toget!

Det er miljøvennleg, trafikksikkert og avslappande!

Trafikk / parkering

Det er venta mange tilreisande til Voss i samband med turneringa. Voss Cup har eit samarbeid med politiet når det gjeld trafikkdirigering og parkering. Voss Cup vil i tillegg ha eigne parkeringsvakter som organiserer trafikken i nærleiken av baneområdet. Ein oppmodar samtlege om å fylgja dei informasjonsskilta og tilvisingar som vert gitt.

Grunna stor trafikk på E16 må ein rekna seg god tid. Lokale lag vert oppmoda om å ikkje å køyra til turneringsområdet.

Me tilbyr gratis parkering under Voss Cup hjå Sylvsmidja og Vossafår/meieriet (sjå bilete nedst på nettsida).

Bruk bilbelte!

Parkering under Voss Cup

På nettsida til Voss Parkering kan ein få oppdatert parkeringsinformasjon på Voss. På kartet under ser ein parkeringsplassane i Voss Sentrum. Me minnar om at ein på desse må betale avgift. Det kan ein anten gjera ved å nytte ein av automatane, eller bruke appen til EasyPark eller SmartPark+.

Det er viktig at ein respekterer parkeringsreglane under cupen, for alle sitt beste.

Buss

Shuttlebuss

Voss Cup har fleire shuttlebussar som går heile tida, i to forskjellige ruter.

Rute 1: Tinghuset – Voss Vidaregåande – Skulestad skule – Voss Vidaregåande skule – Tinghuset

Rute 2: Tinghuset – Palmafossen – Tinghuset

Bestille transport

For dei som bur på overnattingsplassar, som ikkje er i gangavstand til banane og ikkje har tilgang til shuttlebuss, så kan ein bestille transport via sekretariatet til Voss Cup.