Besøk på overnattingsplassane
På Vangen skule høyrer ein musikken dundrar i veggene når ein kjem inn. Føl ein musikken kjem ein fram til klasserommet til Syril J11. Her er stemninga på topp, og jentene er kjempeklare for å spele sin fyrste kamp. Dei har til og med pynta seg med glitter i både håret og ansiktet. «Nokon av oss sov godt, men ikkje alle.» Grunnen til dette var alt i frå flate luftmadrasser til føter i ansiktet. «Eg snorka ikkje!» Utbryt ein av jentene etter å ha blitt beskyldt for nettopp dette. Den vaksne i klasserommet kan leggje diskusjonen død: «Her er det ingen som har snorka i natt.»
Når ein er på cup så er det viktig å få i seg nok næring, og dette har Syril-jentene løyst med å ha to store godteri-skåler ståande i klasserommet. Desse vert kjapt strekt fram og tilbudt dei som kjem på besøk. På spørsmålet om kva som er det kjekkaste med Voss Cup, så var alle jentene einige om svaret: Overnatting med alle vennene sine, og pizzakveld!
I eit klasserom i vestfløyen på Voss ungdomsskule bur Loddefjord G9. Dei brukar pausane mellom kampane til leik og moro i gangane på skulen. Gutane kan fortelja at dei har sove litt halvvegs den første natta. Det er ikkje alltid så lett å sove når ein er på fotballcup. Vertfall ikkje når ein har ein lagleiar som snorkar!
Loddefjord G9 har både vunne og tapt, og no gjenstår to kampar for dei av årets Voss Cup. Det kjekkaste med Voss Cup er sjølvsagt å spele fotball, og å vere med venner.
Stord J11 bur på Voss gymnas under Voss Cup-helga. Dei har sove greit, til tross for nokre søvnavbrot. «Lyset skrudde seg av og på automatisk fleire gongar i natt!» Ei av dei kan også meddele at: «Nokon snorka men veit ikkje kven». Likevel ser jentene utkvilte og klare ut, og humøret er på topp!
Når jentene ikkje spelar kampar, så både griller dei, badar i Vossabadet og spelar basketball utanfor Gymnaset. «Det som er kjekt med Voss Cup er at me får sova vekke, og vere med venner.» Dei syns også det er kjekt å kunne ete godteri, men det aller kjekkaste er utan tvil å spele fotballkampar. Jentene gledar seg mykje til disko i kveld, og ser gjerne etter vennskap frå andre klubbar. «Me er veldig kule!»