Ta toget, bu i sentrum. Voss Cup 10.-12. juni 2022

Ny samarbeidsavtale mellom Vy tog Vest og Voss Cup

No vert det endå enklare, billigare og meir miljøvenleg for tilreisande å vitje turneringa vår! Me er glade for å kunngjere den nye samarbeidsavtala mellom Vy tog Vest og Voss Cup, som gjev reisande deltakarar 35% rabatt på Vossebanen til og frå Voss turneringshelga.

Me er veldig glade for den nye samarbeidsavtala med Vy. Dette er med å gjere Voss Cup endå grønare, med trygg og billig reiseveg for alle born, ungdomar og vaksne som skal vere med på turneringa, seier turneringsleiar Hallgeir Finbråten.

Ta toget til årets fotballoppleving, og nyt vakker vestlandsnatur på vegen!

Rabatten gjeld bilettkategoriane Voksen ordinær og Barn/Ungdom på følgande avgangar:

Frå Bergen til Voss 10. juni 2022:

  • kl. 12:30 (tog 1816)
  • kl. 13:22 (tog 1848)
  • kl. 14.26 (tog 1820)
  • kl. 15:29 (tog 1822)
  • kl. 16:29 (tog 1824)

Retur frå Voss til Bergen 12. juni 2022

  • kl. 14:05 (tog 1823)
  • kl. 15:09 (tog 1825)
  • kl. 17:01 (tog 1829)
  • kl. 18:08 (tog 1831)

Slik bestiller du rabatterte togbillettar:

  • Via telefon: tlf. 61 05 19 10 og tasteval 2, deretter 2 igjen for grupper. (Kundesenteret er ope måndag-fredag 08.30-16.00.)
  • Via e-post til gruppereiser-tog@vy.no, med emnefelt «Voss Cup».

Sjå vy.no for oppdaterte avgangstider.