Banenkart over Voss Cup 2023 Mona Tryti Lansiquot

Voss cup – eit lagspel på og utanfor banen!

Voss Cup vart rekordtidleg fullbooka, og interessa for å delta har aldri vore så stor. Det er ikkje berre på bana Voss Cup opplever stor interesse. Samarbeidspartnarar og sponsorar er ivrige etter å vera med å støtte opp under cupen.

  • Det er fantastisk å reise rundt å snakka med næringslivet. Dei er veldig positivt innstilt til Voss Cup, og me møter blide og entusiastiske samarbeidspartnarar, når ein tek turen rundt for å lage gode avtaler for cupen. Det er heilt unikt at så mange frå næringslivet ynskjer å støtte opp under turneringa og klubben, seier Øystein Ygre Skorve.

I år er det fleire samarbeidspartnarar som har kjøpt banerettigheter til Voss Cup, og vil då få sin eigen bane.

  • Dette er sponsormidlar som kjem både cupen og lovande fotballspelarar til nytte. Me ynskjer å skape gode minner for alle, og med eit så positivt næringsliv rundt oss gjev det oss gode moglegheiter., seier Skorve.

Banekartet er snart klart, og du vil i år kunna spela på desse banane under Voss Cup:

Bane 1:Seimen-banenBane 23:Avisa-Hordaland-banen
Bane 2:Hirth-Himle-banenBane 24:Flage Maskin-banen
Bane 3:Amfi-banenBane 25:Vossafår-banen
Bane 4:Nyrefeltet-banenBane 26:Vangen Elektriske-banen
Bane 5:Idrett uten alkohol-banenBane 27:XL-Bygg banen
Bane 6:Nobi-banenBane 28:Arnpro-banen
Bane 7:Voss Kommunikasjon-banenBane 29-34:Fleischer-banen
Bane 8:Norconsult-banenBane 35:Encon-banen
Bane 9-12: OlabanenBane 36:VB-banen
Bane 13-22: Kiwi-banen

I tillegg vil du også møta vår hovudsponsor Sparebanken Vest i aktivitetsparken vår på Prestegardslandet.

Voss Cup er heldige som har så mange gode samarbeidspartnarar, som stiller opp og støtter klubben og heile turneringa. Det gjer at me heile tida kan utvikle oss til det betre.