Voss Cup 2025 er straks i gang
Endeleg er Voss Cup 2025 her!
Me er klar til å ta imot 740 lag, 7000 spelarar og tusenvis av foreldre, søsken og besteforeldre. Sola og varmen er allerede på plass, og her er alt du treng å vita når du kjem:
- Fototider for dei som har bestilt det finn du her.
- Sjekk inn i sekretariatet når du kje. Sekretariatet finn du i kjellaren på idrettshallen. Her får ein deltakarkort, medaljer, aktivitetskort og t-skjorter. Ha gjerne lista klar over kva storleikar du ynskjer.
- Lokale lag som alt har sjekka inn, men ikkje fekk t-skjorter, kan henta dei i sekretariatet. Ta med lappen du fekk!
- Hugs godt med drikka i varmen, og ta gjerne med bøtte og svampar.
- Grillen vår opnar allerede kl 14.00 på fredag. Ta lunsjen her før me sparkar cupen i gang.
- Ikkje gå glipp av FBK Voss Superlaget vs Voss Allstars på bane 1 kl 17.00 fredag. Er Kari Traa god med ball? Kom og døm sjølv!
- Utebassenget er ope laurdag og sundag 08.00-17.30. Vossabadet er ope fredag, laurdag og sundag. Vennligst respekter badetida på 1 time, slik at flest mogleg får bada.
- Skriv namn og telefonnummer til føresatt på deltakarkortet (armbandet) til ungane. dette er til stor hjelp om nokon skulle verta vekke.
- Sanitet finn de på Prestegardslandet, ved hovudbanen og ved sekretariatet.
- Ved innsjekk får alle utdelt ei Voss Cup-avis. Der finn du svar på det meste du lurar på.
- Kos dykk maks på Voss Cup 2025!
