Voss Cup_Anette.K.Øvsthus_7

Voss Cup 2025 – eit eventyr!

Vipps, så var Voss Cup over for denne gongen. Tusen takk til alle som var her saman med oss. Me fekk to dagar med sol og sydenvarme, og ein dag med litt av kvart. Men det me fekk alle dagane var fotballglede! For ein stemning og for ein fantastisk gjeng me har hatt besøk av i helga. Me er så utruleg takknemleg og glade for at de kjem hit år etter år. Det vart både sveitte, tårer og litt blod, men me syns alt gjekk veldig bra og me håpar alle hadde ei kjekk helg her på Voss.

Det er alltid ting som kan gjerast betre, og vit at me tar alle tilbakemeldingar med oss vidare til neste cup. Når så mange er samla er det ikkje til å unngå at det skjer uheldige ting, men alt i alt håpar og trur me at det meste har gått på skinner. Så kan ein alltids vera ueinig i avgjersler som har blitt tatt, men me føler oss trygge på at alt er gjort i beste meining og til borna sitt beste.

Tusen takk for besøket, og velkomne tilbake til Voss Cup 12.-14.juni 2026!