Viktige datoar 2023

Viktige datoar Voss Cup 2023

1.MAI

Frist for å melde på lag til Voss Cup 2023.

Plass er ikkje sikra før påmeldingsavgifta er betalt, så hugs å sjekke i Profixio at dette er gjort.

5.mai er siste frist for å legge igjen melding i profixio om det er spesielle ynskjer i forhold til kampoppsett.

16.MAI

Frist for å bestille og betale for A-kort.
Dette gjer ein på laget sitt i profixio. A-kort inkluderer overnatting og for at me skal få ei god fordeling på våre overnattingsplassar så er det veldig viktig at ein overheld denne fristen!
16.mai er og fristen for å legge igjen melding i profixio om det er ynskje eller spesielle omsyn i forhold til overnattingsplassar.

1.JUNI

Kampoppsettet til årets turnering vert publisert. Det vert sendt på e-post til lagleiarar og link vil bli lagt ut her på heimesida og på Voss Cup si side på Facebook. Av erfaring vil det bli gjort eit par endringar etter 1.juni, men alle desse vil bli formidla til involverte lag.

3.JUNI

Overnattingsplassar til årets Voss Cup vil bli publisert i profixio for dei enkelte laga. Desse vert kun gjort tilgjengeleg for dei enkelte laga og ikkje lagt ut nokre andre plassar.

5.JUNI

Frist for å bestille og betale for B-, og C-kort. Dette gjer ein på laget sitt i profixio.

7.JUNI

Fototider til fotografering vil bli publisert her. Eventuelle endringar av fototid kan meldast til vosscup@fbkvoss.no innan 10.juni. Endringar etter dette må avtalast direkte med fotografen på fredag eller laurdag. Siste moglegheit for å ta bilete er laurdag 16:00. Så alle eventuelle endringar må avtalast i god tid før dette.