Velkomen til Voss og Voss Cup! Helsing frå turneringsleiar.
Fotballklubben Voss ynskjer alle spelarar, trenarar, foreldre/føresette, besteforeldre, vener, supporterar og alle andre hjarteleg velkomen til Voss og Voss Cup!
Det er ny rekord med antal påmeldte lag i år, heile 730 lag er påmeldt. Me hadde satt eit tak på 675 med påmeldingsfrist 1. mai. Etter stor pågang, og mange hyggelege telefonar frå fortvila lagleiarar og foreldre til barn som ikkje ville fått sitt store ynskje oppfylt, opna me opp for at dei som stod på venteliste også skulle få oppleva sommarens vakraste eventyr: Voss Cup!
Me legg lista høgt i år for at du og alle dei som tek turen til Voss, skal sitja igjen med ei helg full av fotball, idrettsglede, gode opplevingar og stolte augneblink!
Voss Cup blir brukt som en rekrutteringsarena for barn og unge til fotballen. Mange fotballklubbar opplever fråfall i barn og ungdomsfotballen etter pandemien, dessverre. Då er det svært gledeleg at Voss Cup kan vera eit samlingspunkt for gode opplevingar, samhald og idrettsglede som ein kan dela med mange små og store.
Voss Cup er Noregs største barneturnering med rundt 7000 deltakarar. I tillegg kjem det mange tilreisande foreldre/føresette, besteforeldre og venner, noko som gjer at folketalet på Voss vert dobla denne helga!
Det vert spelt rundt 1480 kampar frå fredag ettermiddag til sundag ettermiddag, fordelt på 36 banar.
Me er så ufatteleg stolte over og glade for at spelarar, trenarar og klubbar kjem tilbake år etter år til oss! Voss Cup skal vera årets høgdepunkt for alle deltakarar!
Denne cupen krev ein enorm dugnadsinnsats! Det vert lagt ned 7-8000 dugnadstimar, og rundt 1000 personar er i sving gjennom helga. Det betyr 4-5 årsverk på ei helg, berre i dugnad! Utan den fantastiske dugnadsinnsatsen, ingen Voss Cup. Tusen takk til alle frivillige, foreldre, besteforeldre og andre som stiller opp og gjer turneringa mogleg.
FBK Voss ynskjer denne helga å tilby eit solid og meiningsfullt aktivitetstilbod til born og unge, gjennom tryggleik, trivsel og tilhøyrsle.
Me er både audmjuke og stolte over at Voss Cup gjennom åra har vakse seg fram til den cupen som den er i dag. Det er svært mange å takke for at det er blitt slik, frå grunnleggarane i 1991 og alle som har bidrege med mange, mange dugnadstimar opp gjennom åra. FBK Voss og Vossabygda har grunn til å vere stolt av det!
Me fører vidare vårt fokus på Fair Play, i år i samarbeid med klubbane i vår sone. Me ynskjer godt humør og ei løysingsorientert innstilling hjå alle, noko som gjev ein triveleg cup. Dette er eit felles ansvar som me håpar me alle kan løyse i lag.
Me vil ha eit forsterka fokus på «Grøn cup» i samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk. Her vil det vere fokus på kjeldesortering; og at me skal ha det reint og fint rundt oss gjennom helga. Me håpar alle kan hjelpe oss med dette!
På vegne av turneringsleiinga, funksjonærane og frivillige, vil me med dette ynskja dykk alle hjarteleg velkomne til Voss Cup 2023. Vi skal gjera vårt ytterste for at akkurat du skal trivast på Voss denne helga
Med beste helsing
Hallgeir Finbråten
-Turneringsleiar-
