Oversiktsbilete

Velkomen til vene Voss!

Værmeldinga ser bra ut, og Voss ventar på dykk!

Det skal spelast masse god fotball i helga, men du finn også mykje anna å ta deg til på Voss. Eit friluftsområde i verdsklasse ligg og ventar på alle som skal delta på cup i helga. I skateparken er det full aktivitet frå morgon til kveld, og Vangsvatnet kan by på avkjøling for varme fotballbein. Voss cup anbefalar badeklede! Like ved skateparken finn du også sandvolleyballbane og utandørs treningspark.

På alle baneområda vil du finne kioskar som sel forfriskingar, og på parkeringsplassen ved idrettshallen kan du skaffe deg ein saftig sommarkotelett rett frå grillen! I området mellom campingen og skateparken vil du finne eit utval frå Peppes Pizza.

Banenkart over Voss Cup 2023 Mona Tryti Lansiquot

Kunstgrasbanane våre fekk hard medfart under flaumen i november, men no ligg det to flotte nye banar klare til å takast i bruk. Nytt klubbhus er også kome på plass. Me gledar oss til vise fram Voss på sitt beste!