Spørsmål og svar
1 dag igjen! Viktig informasjon.
No nærmar det seg endeleg sommarens vakraste eventyr! Me er skikkeleg klar for å ta dykk i mot til vene Voss! Me opplever stor pågang på telefon, og forstår det er mange som har spørsmål. Me jobbar på spreng for å få alle brikkene til å falle på plass. Nettsida jobbar me med å få oppdatert best mogleg, og når alle brikker er på plass kjem informasjonen ut der. Det er mange ting å ta omsyn til, og me håper det forstår at det tek litt ekstra tid. Me kjem uansett i mål til cupen.
Me ber derfor om at alle nødvendige henvendelser kjem på mail til:
Mange av spørsmål de har svarer me på her under:
Kvar er sekretariatet, og kortid kan ein sjekke inn laget?
Sekretariatet ligg i kjellaren på idrettshallen. Det er skilta veg ned der. Her får ein utdelt A-, B- eller C- kort, t-skjorte og minnepremie.
Opningstida i sekretariatet under Voss Cup er:
Torsdag 18:00 – 20:00
Fredag 12:00 – 22:00
Laurdag 07:30 – 21:00
Søndag 07:30 – 16:30
Telefon til sekretariatet under Voss Cup: 46 92 07 47
Innsjekk overnatting:
Skular har vanleg opningstid fredag, så innkvartering på skulane er frå kl. 17.00. Alle overnattingsplassar har ein overnattingsansvarleg som spørsmål kan rettast til. Han/ho vil tilvise dykk til tildelt klasserom/sovesal. Lagleiar/trenar må levera fullstendig utfylte lister over kven som skal overnatte på skulen. Dette må innehalde namn og nummer. Overnattingsplassane har nattevakt frå 21.30-08.00.
Utsjekk søndag er kl. 12.00.
Les om overnatting her:
Viktig angåande overnatting:
Me ber om at ein tek vare på alt av utstyr og inventar på ein god måte, og ikkje nytter seg av skulen/barnehage sitt materiell. Dette er veldig dumt om noko blir øydelagt, då det er i dagleg bruk. Det er heller ikkje lov å flytte/ommøblere på pultar eller stolar ut i rømingsveg.
Det er forbode å lade mobil på natta på alle overnattingsplassar! El-bil lading er ikkje tillate på overnattingsplassane!
Transport under cupen
Tider for shuttle er:
- Fredag 15:00 – 22:00
- Laurdag 07:00 – 22:00
- Søndag 07:00 – 16:00
Rute 1: Tinghuset – Palmafossen Skule – Viljarhuset – Palmafossen Skule – Tinghuset
Rute 2: Tinghuset – Voss Vidaregåande – Coop Xtra Skulestadmo – Skulestad Skule – Coop Xtra – Voss Vidaregåande – Tinghuset
For dei skulane som ikkje ligg i gåavstand til cupen går det shuttle buss. Der shuttlebussen ikkje går er det mogleg å tinge buss. Ta kontakt på 469 20 747 for å tinge buss. Hugs å bestill i god tid.
Foto
Fototider får ein ved innsjekk, vert og sendt ut på e-post. Fotografering skjer på Prestegardslandet, ved aktivitetsparken.
Viss fototidene kolliderer med kamp, så kontaktar ein fotografen på Prestegardslandet for å endre tida.
Kampoppsett
Kampoppsettet finn ein her:
Kampane varer i 2×13 min. Fair play helsing før kampen på banen, etter kampen utenfor banen.
Banekart
banekart finn du her:
Kjøp av A-, B- eller C-kort
Treng ein å kjøpe fleire a-,b- eller c-kort så gjer ein det via mail til vosscup@fbkvoss.no . A-kort kan ein kjøpe, dersom det er ledig overnatting. B og C har ingen begrensingar. Det er òg mogleg å kjøpe kort i sekreteriatet. Betaling kan ein gjera i sekreteriatet
Kino og disco
Meir informasjon om kino finn ein her: Gratis kino for alle Voss Cup deltakarar! – Voss Cup. Det er ikkje mogleg å reservere tid i kinoen. Det er innslepp på kinoen kvar heile time.
Discotek vert i teltet ved siden av grillen 1830-21.00
Foto
Del gjerne dine bilder med oss i sosiale medium, men bruk godt nettvett! Har du elles blinkskot, så set me veldig pris på om de sender det til oss på vosscup@fbkvoss.no
Køyr fint og ta dykk tid! Husk setebelte!
Velkomen til Voss og Voss Cup!