Samarbeidsavtale VY og Voss Cup 2023

Samarbeidsavtale mellom Vy og Voss Cup 2023

Ta toget til Voss – enkelt, sosialt, rimelig og miljøvenleg!

Me er glade for å få på plass ein ny avtale med VY Tog Vest for alle deltakarlag som skal på Voss Cup 2023, anten ein kjem frå Bergen med Vossebanen eller aust frå med Bergensbanen. Som gruppe får laga fylgjande rabatt på billettkategorien Full Flex for både born og vaksne:

  • 35% rabatt på Vossebanen (Deltakarlag frå Vest)
  • 30% på Bergensbanen. (Deltakarlag frå Aust)

Avbestilling og endring

Antall deltakarar kan endra seg, og difor har Vy tilrettelagt for gode fristar både for avbestilling og endringar av reisa, noko som gjer tilbodet svært fleksibelt.
Avbestillingsfrist er 1. juni for heile laget, samt moglegheit for å endra antal reisande fram til 1. juni klokka 15.30 ved å henvende seg til Vys gruppekontor per telefon/e-post.  

Shuttlebuss

Voss Cup ynskjer å gjere det attraktivt å ta toget til Voss, og planlegg shuttlebuss frå Voss Stasjon til overnattingsstad, for dei som ikkje har gangavstand dit. For at dette skal bli best mogleg, oppmodar me alle lag om å bestille både overnatting (A-kort) og togreise i god tid, slik at me kan få planlagt dette godt.

Oppfordringer – ta toget:

Voss Cup ynskjer at så mange som råd reiser kollektivt, både med tanke på miljøet og trafikk- og parkeringssituasjonen i bygda vår.

Vår oppfordring er difor:

«Kom til Voss, utan å måtte tenkje på parkering eller bilkaos, og ta toget på cup!»

Hallgeir Finbråten, Dagleg leiar FBK Voss

Nytt av året er me også får avgang frå Bergen til Voss laurdag morgon!

Under finn du ei oversikt over dei rabatterte avgangane frå Vy:

Fra Bergen til Voss med Vossebanen

Fredag 16. juni 2023: 

Tog 1816 (kl.12:29)

Tog 1848 (kl.13:20)

Tog 1820 (kl.14:23)

Tog 1822 (kl.15:28)

Tog 1824 (kl.16:29)

Laurdag 17. juni 2023:

Tog 1806 (kl.07:07)

Retur frå Voss mot Bergen med Vossebanen

Søndag 18. juni 2023:

Tog 1823 (kl.14:06)

Tog 1825 (kl.15:09)

Tog 1849 (kl.17:01)

Tog1833 (kl.19:13)

Frå aust til Voss med Bergensbanen:   

Fredag 16. juni – Alle avgangar retning Bergen (vest) forutan om nattoget.

Retur frå Voss mot Oslo 

Søndag 18. juni – Alle avgangar retning Oslo (aust) forutan om nattoget. 

Bestilling av togbilletter:

På telefon til Vys gruppekontor: 61 05 19 10

Tastevalg 2, deretter 2 igjen for grupper.

Referanse: Voss Cup 2023

Åpningstid er mandag-fredag 08.30-16.00.

Eller på e-post til gruppekontoret: gruppereiser-tog@vy.no

Referanse: Voss Cup 2023

Reisestrekning (frå-stasjon og til-stasjon):

Ønska avgang:

Antal reisande, fordelt på born (under 18 år) og vaksne

Navn:

Lag:

Telefonnummer:

Betaling

Betalingskort / evt. faktura.  

Ønska tilleggsinformasjon ved faktura:

Firma/ Idrettslaget:

Postadresse:

Organisasjonsnummer (ved EHF-faktura)

E-post adresse til idrettslaget:

E-post adresse til kontaktperson i idrettslaget: (faktura sendes hit)

Telefonnummer og navn på kontaktperson som skal være med på reisa             

Fakturamerknad

Avbestilling eller endring i antall reisande*

  • Avbestilling innan: 1. juni.
  • Endringer i antall reisande kan ein gjera heilt fram til: 1. juni. 

*Ved henvendelse til Vys gruppekontor per telefon/e-post fram kl.15.30 overnevnte dato.