Status påmeldte lag - Voss Cup 2023

Over 700 lag er påmeldt til årets Voss Cup

Det er utruleg kjekt at så mange lag har vald å melde seg på årets Voss Cup ! Me hadde i utgangspunktet satt ei grense på 690 lag, men per 3.mai så har me enda med 731 lag! Dette er heilt fantastisk, men krev litt meir logistikk og nøyaktigheit både frå oss som arrangør og deltakande lag. Me ynskjer å starte på kampoppsettet så snart som råd, men dette krev at følgjande er på plass:

  • Alle har betaltpåmeldingsavgift slik at me veit at laget skal vera med
  • Alle klubbar har gått gjennom sine påmeldingar og sikrar seg at det ikkje er meldt på for mange/for få lag. Me prøver å sjå etter lag som muligens kan vera meldt på feil, men det beste er om klubbane tek ansvar for dette sjølv.
  • Alle lag må ha lagt igjen eventuelle ynskjer i meldingsfeltet i profixio som gjeld kampoppsettet innan fredag 5.mai!

Kort om kampoppsettet

Alle kampar vert generert i profixio, me legg inn grupper og eventuelle avgrensingar som speldag og antilag og så ordnar systemet resten. Difor veldig viktig at all slik informasjon er kome inn før startar. Med så mange påmelde lag er banekapasiteten heilt sprengt og me har difor mindre rom til å gjere justeringar etter at oppsettet er laga. NB! Av erfaring så vil det kome endringar etter at fyrste utkast er publisert – så ver snill og hald dykk oppdatert på dette inn mot cupen.

Kampane vert satt opp i følgjande tidsrom

  • 3ar: Laurdag 09:00 – 16:00 og søndag 09:00 – 15:00
  • 5ar og 7ar: Fredag 17:00 – 21:00, laurdag 08:00 – 20:00 og søndag 08:00 – 15:00

Om det er spørsmål så tek de kontakt på e-post vosscup@fbkvoss.no eller sender ei melding i profixio.


Me set utruleg stor pris på at så mange ynskjer å ta turen til Voss 16.-18.juni og me gler oss til ei fartsfylt, sosial og minnerik fotballhelg.

I løpet av mai vil det bli sendt ut minimum eit nyhendebrev i veka – så vil du vera sikker på at du er oppdatert på all informasjon rundt Voss Cup så kan det vera ein god ide og melde seg på Voss Cup sitt eige nyhendebrev.