_R2I3201

Nyttig informasjon

Her har me samla ein del nyttig informasjon om Voss Cup 2026:

  • 09.11.25 vart påmeldinga full, med 700 lag påmeldt.
  • Det er fortsatt mogleg å melda seg på, då hamnar ein automatisk på ventelista.
  • Påmeldinga er gyldig når ein har betalt påmeldingsavgifta. Merk at påmeldingsavgift ikkje vert refundert om ein må trekka laget.
  • Me slepp innfortløpande frå ventelista, dersom lag trekker seg. Elles prioriterer me etter dess kriteria: behov for overnatting, klasse og banekapasitet.
  • Alle som skal ha overnatting gjennom oss må kjøpa A-kort. Voksne som skal overnatta med laget må ha voksen A-kort. Les meir om dei ulike deltakarkorta og prisar her.
  • 4.mai er absolutt siste frist for å bestilla A-kort. B-, C-kort og andre tenester har frist 8.juni.
  • Dei som er fødd i 2019 har kampar laurdag og sundag. Alle andre årsklassar må ta høgde for at dei kan få kampar fredag, laurdag og sundag.
  • Alle lag får 4 kampar i løpet av helga.
  • 2019 spelar 2×10 min, 2014 spelar 2×18 min, alle andre spelar 2×13 min.
  • Voss Cup fyller 35 år i 2026, og me ynskjer oss ein cup med god stemning, glade born og voksne, og mykje kjekk fotball!