
Meld på frå 1.november
Om ein liten månad opnar påmeldinga til Voss Cup 2026. Allereie no finn de arrangementet i Profixio. Me har i år satt eit tak på 700 lag, og oppmodar alle som ynskjer å delta, om å melda seg på tidleg. I fjor vart det fullt etter kun to veker, så det er ingen grunn til å venta.
Både i Profixio og på nettsida vår finn de oppdatert informasjon om årets cup. Fleire detaljar vil koma til etterkvart som cupen nærmar seg.
Erfaringsmessig vert også overnattingsstader på Voss tidleg fulle, så ikkje vent med å bestilla plass til øvrig familie som ynskjer å vera med til Voss denne helga.
Me i FBK Voss og Voss Cup ser fram til å sjå dykk alle her 12.-14.juni 2026, saman lagar me fotballfest!
Velkomne til Voss Cup!