22

Lagfoto

I år får alle lag på Voss Cup tilbodet om å kjøpa lagfoto til ein rimeleg pris. Ein bestiller foto og antal eksemplar under «Tjenester» i Profixio. Her opprettar ein også faktura og betaler. Så vil ein få utdelt ei fototid, som tidlegare, og bileta hentar ein i sekretariatet.

Kvifor ikkje gratis diplom med foto som tidlegare, tenker du kanskje? Å skriva ut diplomane er tid- og ressurskrevande. Når det år etter år er ein betydeleg bunke med diplomar som aldri vert henta, og etterkvart går i boset, så tenkte me at dette kan me gjera betre. No får alle spelarane tilbod om eit skikkeleg lagfoto, på ordentleg fotopapir til ein fin pris. Dette tilbodet håpar me mange lag ynskjer å nytta seg av, forhåpentlegvis eit minne for livet. For miljøet sin del håpar me også at alle tar seg bryet med å henta ut bileta.

Pris for fotografering: 150 kr

Pris per fotoutskrift: 20 kr