
Me er klare for Voss cup! Er du?
Er du snart klar for Voss cup 2023? Me er klare til å ta i mot over 700 lag til det som vert ei fantastisk fotballhelg i strålande og varmt vêr.
Mange hundre frivillige må til for å gjennomføra eit arrangement som Voss cup. Mange er i full gang med å førebu cupen. Onsdag tok telta til å reisa seg. desse skal husa både sponsorane våre, lager for varer, grill, diskotek og salsboder.
Seks av dei som sveitta i varmen var Sergiy, Pavlo, Roman, Andrii, Denys og Dimi. Dei er alle flyktningar frå Ukraina, som vart rekrutterte som dugnadsgjeng av lærar Jon-Ivar Fjose på Vaksenopplæringa.
– Dei har så lyst til å gje noko tilbake, og var veldig klare for å jobba på dugnad, seier Jon-Ivar.
– Dei får snakka norsk, får treffa andre og dei får delta og vera med. Dette er integrering i praksis.
I løpet av dagen har dei, i lag med fleire andre dugnadsfolk, sett opp fleire telt og var ikkje tenkt å gje seg med det første med arbeidet. Mykje tid til snakk er det likevel ikkje i solsteiken, men det var berre smil og tommel opp frå heile gjengen då Voss Cup-avisa tok temperaturen på rigginga. Fleire kjem du kanskje til å treffa att andre stader under Voss cup også.




Voss cup skal vera kjekt for alle som deltek. Derfor er det lurt å pakka med seg alt ein treng for ei helg på Voss.
Vêrmeldingane for Voss cup er fin lesing. Yr melder om sol og opp mot 30 grader. Hugs derfor å ta med ekstra solkrem og ekstra drikkeflaske.

Her ei liste over ting det er lurt å ha med:
- Drakt og shorts
- Leggbeskyttarar
- Fotballsokkar
- Badekle
- Solkrem
- Liggeunderlag (maks 90cm)
- Sovepose
- Anna skotøy
- Anna kle
- Toalettsaker
- Jakke
- Solbriller
- Drikkeflaske
Gløymer du noko, så ikkje fortvil. Du får tak i det meste på Voss. Men hugs godt humør, fair play og fotballglede.
Velkomen på cup, me gler oss til å sjå deg!