joll

God jol frå alle oss i Voss Cup

Det nærmar seg jol, og me kan sjå tilbake på eit gledeleg Voss Cup-år. No ser me fram mot helga 12.-14.juni og Voss Cup 2026. Det vert Voss Cup nummer 35, og me er stolte av å ha eit så voksent arrangement som fortsatt står seg veldig godt.

Påmeldinga opna 1.november, og etter berre 8 dagar var det fullt og 700 lag påmeldt. Mange lag har valgt å setta seg på ventelista, og det har allerede vore ganske god bevegelse på lista. Per no er det 25 lag på ventelista, og det er fortsatt mogleg å setta seg på den. Erfaringsmessig vert det ein del endringar fram mot cupen. Merk at dersom de skal ha A-kort kan det vera lurt å bestilla tidleg, me har 4000 A-kort tilgjengeleg i år.

Me oppmodar alle om å fylgja oss på Instagram og Facebook for oppdateringar på stort og smått me jobbar med. Er du på jakt etter praktisk informasjon angåande Voss Cup? Då er du allerede på rett plass. Her på nettsida skal du finna svar på det meste.

Me ynskjer alle våre fotballvener ei strålande jol med masse gleda! Så ser me fram til eit nytt, godt fotballår i 2026.