Fullt!
Etter berre 8 dagar har me 700 påmeldte lag til Voss Cup 2026!
Det er heilt fantastisk at så mange ynskjer å vera med på Voss Cup. Har du fortsatt ikkje meldt på laget, så er det ikkje for sent. Melder du på no, hamnar laget automatisk på ventelista. Fram mot juni veit me at det vert ein del justeringar på deltakarlista, så her er det berre å vera tolmodig. Det er fortsatt gode mulighetar for deltaking.
Me er audmjuke og takknemlige over responsen, og jobbar knallhardt heile året for å levera ein cup med kvalitet i alle ledd. Me tar ikkje lett på oppgåva, og skal gjera vårt ypperste for at alle skal få ei god oppleving på Voss Cup 2026. Følg oss gjerne på sosiale media for å få med dykk stort og smått som me driv med gjennom vinteren.
Velkomne til jubileum i juni 2026; Voss Cup 35 år!
