Dugnadsskjemaet er opna
No kan du melda deg til dugnad under Voss Cup 2026. Me set stor pris på at alle føresette og spelarar over 12 år i klubben gjer ein enorm dugnadsjobb år etter år. Likevel treng me endå fleire hender, og alle som kan tenka seg å bidra er hjarteleg velkomne til det. Me opna skjemaet for nokre dagar sidan, og difor er alle vakter før og etter cupen allerede fulle. Det vil seia at no har me ledige dugnadsvakter fredag, laurdag og sundag under sjølve cupen.
Det er mange ulike jobbar å velja mellom; alt frå nattevakt til vaffelsteikar til parkeringsvakt. Me håpar du kan tenka deg å ta del i denne fotballfesten for dei aller yngste. Saman lagar me minner for livet!
