Informasjon om dei ulike dugnadsvaktene

Lurar du på kva som passar deg best av dei ulike dugnadsvaktene på Voss Cup?

Ikkje fortvil, me prøver å gje deg fasiten. Dei fleste oppgåvene kan ein ta på seg utan noko vidare forkunnskap, men det er eit par der me ynskjer spesielle kvalifikasjonar. Dette er spesifisert under vakta. Me har prøvd å laga eit estimat på talet timar, men per no er det kun eit estimat, så dette kan endre seg. Er det noko som er uklart med tanke på kva dei ulike vaktene inneheld så set me pris på ei tilbakemelding til vosscup@fbkvoss.no

Har du lyst på meir ansvar eller andre typer oppgåver? Ta deg ein tur inn på Avdelingsleiarar – her vil det bli oppdatert fortløpande med andre typer oppgåver som ein treng hjelp til.

Alle som skal ha vakt på Voss Cup vil bli møtt av ein ansvarleg person som vil gje informasjon og nødvendig opplæring før vakta startar. Alle får også Voss Cup si eiga t-skjorte.

Banevakt

Banevakt er i hovudsak kampvertar med tilhøyrande stillingsskildring. Dei skal vera ei tryggleik for dommarar og laga. Nærmaste kontaktperson er leiar i dommarsekretariatet og i Fair play utvalet. Som banevakt har ein ansvar for utstyr i form av fotballar og vestar, og ein har eit ekstra auga på at dommarane på dei ulike banane har det bra. Ein vil vere på samband til dommarsekretariat slik at det er lett å melde i frå om det skulle oppstå situasjonar som ein føler treng meir merksemd. Ein går banevakt åleine, men har alltid dommarsekretariat og Fair play-utval i bakhånd om det skulle vera noko. Ei banevakt vil føregå ca. slik:

  1. Møt på oppsett tidspunkt i dommarsekretariatet
  2. Få utlevert nødvendig informasjon og utstyr
  3. Gå til ditt område og finn banevakten som er der (så lenge du ikkje har fyrste vakt). Ta ein kjapp gjennomgang før du tek over ansvaret.
  4. Gå vakta di
  5. Vaktskifte: gjennomfør vaktskifte og gå i dommarsekretariat med vest og eventuelle andre innspel/tilbakemeldingar
  6. Siste vakt: Gå over banane – samle saman alle ballar og anna ustyr – ta dette med tilbake til dommarsekretariatet.

Ca. dugnadstimar: 5 timar

Buss

Buss er avdelinga som står for transport av deltakarar under Voss Cup. Me har to ulike system for dette – det er:

  • Shuttlebuss (her leiger me sjåførar)
  • Bestilling av buss til overnattingsstader

Bestilling av buss til overnattingsstader

Ein del av overnattingsstadene ligg ikkje i gangavstand til baneområdet. Og sidan ein ynskjer minst mogleg bilar på området, så tilbyr ein dei laga som bur langt vekke å bli henta med buss. Til dette har me i utgangspunktet ein stor buss og to minibussar. Sekretariatet under Voss Cup handterere bussbestillingar i forkant og undervegs. For å kunne ta på seg vakt på buss må ein ha førarkort til stor buss og/eller minibuss og  sjåførkort. Det vil bli gitt ein gjennomgang på bussane, gitt informasjon om kontaktperson m.m i veka før Voss Cup.

Må ha: Førarkort og sjåførkort

Ca. dugnadstimar: 5 timar

Fotballkort

På denne avdelinga produserer og sel me fotballkort, som deltakarane får bilete av seg sjølv på. Vaktene går frå fredag til søndag. Ein tek bilete, får opp bileta og justerer på data før ein skriv ut. Ein vil få god opplæring når ein kjem på vakta, og som regel fordeler ein dei ulike oppgåvene slik at ein har ansvar for anten: kø, betaling, sjølve bilete og utskrift. Me held til i 2.etasje i Vossabadet, og det er også her ein møter til vakta si.

Ca. dugnadstimar: 5,5 timar

Mat & Servering – Grillen

Grillen finn ein på den store parkeringsplassen mellom Utebassenget og Voss Idrettshall. Hovudoppgåva til grillen er å laga og selja grillmat. Det kan til tider vera veldig hektisk, men systemet er godt og du vil bli ivareteke av drevne personar under heile vakta. Dei fyrste vaktene fredag, laurdag og søndag inneber klargjering av grillen inkludert sal. Midtvaktene er produksjon og sal. Dei siste vaktene inneber i tillegg til sal, nedrigg og klargjering til neste dag. Siste vakt søndag vil i hovudsak vere nedrigg. Kor travelt det er i grillen vil i hovudsak bli bestemt av veret, så me går for sol og travelt heile helga. Ei vakt i grillen ser ca slik ut:

  1. Du møter på det tidspunktet du har fått i grillen. Her blir du ynskt velkomen, får utdelt Voss Cup T-skjorte og informasjon om kva som skal skje.
  2. Ein blir som regel satt til ei oppgåve – ein kan få vere med å påverke kva oppgåve ein vil ha. Det vil vere overlapping med dei på vakta før, slik at ein får tid til å kome inn i det.
  3. Nokre skal lage mat, medan andre vil ha hovudansvaret for kasse og sal.
  4. Det vert nytta Zettle som betalingsløysing. På ipaden trykker ein inn dei varene som dei skal betale for, og så trykker ein på kva betalingsmiddel dei ynskjer å nytte – VIPPS, bankkort eller kontantar.
  5. Kjem det folk på vakt etter deg, så vil dei vere på opplæring før du går av vakta di.
  6. Veldig viktig at siste vakt fredag og laurdag tek seg tid til å reingjere, rydde og setje i stand til neste dag.

Ca. dugnadstimar: 5,5 timar

Mat & Servering – Kiosk

Å stå i kiosk under Voss Cup er sosialt, moro og kan til visse tider vera litt hektisk. Kioskane er plassert på ulike delar av området og varierer i størrelse. Det er fleire ulike vakter i løpet av ein dag, og opningstidene varierer noko på dei ulike kioskane. Dei fyrste vaktene fredag, laurdag og søndag inneber klargjering av kiosken inkludert produksjon og sal. Midtvaktene er produksjon og sal. Siste vakt fredag og laurdag inneber i tillegg til produksjon og sal, nedrigg og mest mogleg klargjering til neste dag. På søndag går store delar av vakta med til nedrigg – vakta er med andre ord ikkje over etter kiosken er stengt. Då skal alt riggast ned. Dei travlaste vaktene er som regel dei frå kl. 12 og utover på laurdag. Likar du at det skjer noko heile tida, så er dette vakta for deg. Sjølv om ein er satt opp på vakt i ein kiosk, så kan det vere at ein vert flytta til anna, ingen dramatikk i det – kun ein måte å få dekka opp alle salsplassane på ein god måte. Ei vakt i kiosken er ca slik:

  1. Du møter på det tidspunktet du har fått i kiosken du er satt opp i. Når du kjem i kiosken vert du møtt av nokon som ynskjer deg velkomen, og gir deg ei Voss Cup t-skjorte.
  2. Du får omvisning og opplæring. Det er ca 30 min overlapp. Du startar å jobbe, og så går dei som er der før deg av vakt etter kvart
  3. I kioskane har ein som regel: hot dog, vafler, is, kaffi, brus, vatn + litt anna snacks. Vafler, kaffi og hot dog lagar ein i kiosken.
  4. Det er folk som har ansvaret for å fylle på varer i kioskane.
  5. Me nyttar Zettle som betalingsløysing i kioskane. På ipaden trykker ein inn dei varene som dei skal betale for, og så trykker ein på kva betalingsmiddel dei ynskjer å nytte – VIPPS, bankkort eller kontantar.
  6. Kjem det folk på vakt etter deg, så vil dei vere på opplæring ein halvtime før du går.
  7. Veldig viktig at siste vakt fredag og laurdag tek seg tid til å gjere kiosken i stand til neste dag.

Ca. dugnadstimar: 5,5 timar

Overnatting – Nattevakt

På kvar overnattingsstad skal det vera minimum to nattevakter. På stader med fleire bygg eller veldig mange overnattande, skal det vere fleire enn to. Som nattevakt skal du vera vaken, og ansvaret ditt er sikkerheita til dei overnattande gjennom natta. Kvar nattevakt får opplæring av skule-ansvarleg/overnattingsansvarleg på den staden ein skal vera før vakta startar. Alle som skal vera nattevakt må vera over 18 år.

I dugnadsskjemaet kan ein velje mellom nattevakt fredag til laurdag, eller nattevakt laurdag til søndag. Har ein ynskje om ein spesifikk overnattingsstad, så kan ein skrive dette i kommentarfeltet.

Ca dugnadstimar: 10 timar

Overnatting – Dagvakt

Dagvakt på overnattingsstadane har ansvaret på dagtid. På ein del av overnattingsstadene vil ein ha ein liten kiosk. Som dagvakt skal ein ha kontroll på kva personar som er på overnattingsstaden, vere tilgjengeleg for overnattande om dei lurar på noko, og halde orden i form av å koste/moppe, rydde og tømme bos. Ansvarleg på overnattingsstaden eller dei som har vert på vakt før, vil gje opplæring og informasjon før vakta startar. På dagvakt er ein som regel åleine.

Har ein ynskje om ein spesiell overnattingsstad så kan ein skrive det i kommentarfeltet i dugnadsskjemaet.

Ca dugnadstimar:  6,5 timar

Sanitet

Som sanitetspersonell er du med på å skape tryggleik for små og store under cupen. Det er 2 sanitetstelt – eit ved Olabanen og eit ved Utescena på Prestegardslandet. Desse er bemanna heile helga medan kampane pågår. Me tilstrebar at det alltid skal vera ein lege på kvar vakt. Kvalifikasjonar for å vera med på sanitet er at du har erfaring frå Røde Kors eller liknande, eller har helsefagleg utdanning som t.d. lege, sjukepleiar eller fysioterapeut. Legg igjen ein kommentar i kommentarfeltet med kva erfaring du har om du vel Sanitet. Ansvarleg for avdelinga set opp vaktlista. Instruksar og anna info vert sendt ut på førehand.

Ca.dugnadstimar: 5 timar

Speaker

Som speaker er oppgåva å snakke og gje beskjedar på høgtalarsystemet på Voss Cup. Ein spelar av reklamesnuttar for sponsorar, les opp frå eit manuskript og gir ut beskjedar som kjem inn i frå andre avdelingar. Om nokon f.eks. er sakna eller ikkje finn igjen foreldra, så er dette ein type beskjed som vert tatt over høgtalarane. Ein ynskjer at dei som tek på seg speakervakt, kan stille to vakter. Men det er ikkje eit krav.

Ca. dugnadstimar: 3 – 4 timar

Trafikk & Parkering

Voss Cup er opptekne av tryggleiken på området vårt. Som trafikkvakt hjelper du til å dirigera bilar til oppsett parkering, og passa på at ingen køyrer inn på det avstengde Voss Cup området. Me vil ha parkeringsplassar fleire ulike stader på Vangen, og i nærleiken av Vangen. Avdelingsleiarane er dei som styrer kvar ein er, og kva ein skal gjera. Alt etter når ein er på vakt så vil arbeidsmengda variera ein del. Alle som skal vere på Trafikkk & Parkering møter på Hestavangen (nedanfor Nain), der ein får tildelt oppgåve og område.   

Fredag frå tidleg morgon av riggar ein parkeringsområder og stengjer av stader. Det kan og vere behov for folk til å gjere noko av dette torsdag kveld. På torsdag gjeld det spesielt transport av materiell. Om du har moglegheit til å stille på vakt anten torsdag kveld (treng bil og hengar), eller fredag morgon/føremiddag så er det fint om du kan spesifisere det i kommentarfeltet i dugnadsskjema.

Ca. dugnadstimar: 6 timar

Riggavdeling – Banar

Me ynskjer at dei som tek på seg vakt på riggavdeling – banar kan stille både på opprigg torsdag, og nedrigg søndag ettermiddag. Bakgrunnen for dette er at me trur det vert meir effektivt både på opprigg og ikkje minst på nedrigg. Me opplever at me ikkje kan gje god nok informasjon og følgje opp på ein god nok måte, og håpar og trur at dette skal lette på akkurat det. På riggavdeling – banar er hovudoppgåva rigging av banane. Grøn Etat merkar, og måla vil bli plassert i nærleiken av baneområdet i forkant av rigginga. Det betyr at mesteparten av jobben er på sjølve området. Avdelingsleiar vil fordele mannskap, og følgje opp både i opprigg og nedrigg. Arbeidet er ikkje veldig fysisk, men det krev litt løft, gåing og lettare fysisk aktivitet.

Ca. dugandstimar: 4 timar + 3 timar

Riggavdeling – Sjauar

Me ynskjer at dei som tek på seg vakt på riggavdeling – sjauar kan stille både på opprigg onsdag/torsdag og på nedrigg søndag ettermiddag. Bakgrunnen for dette er at me trur det vert meir effektivt både på opprigg, og ikkje minst på nedrigg. Me opplever at me ikkje kan gje god nok informasjon og følgje opp på ein god nok måte, og håpar og trur at dette skal lette på akkurat det. Sjauarane må ikkje vera redd for å ta i eit tak. Sjauarane vert i hovudsak fordelt på dei ulike avdelingane, og skal sørgje for at alt av utstyr kjem på plass og vert satt opp. Kvar enkelt avdelingsleiar styrer sine sjauarar. Ein jobbar fleire i lag. Der ein gjennomfører opprigg, er og der ein skal gjennomføre nedrigg.

Ca. dugnadstimar: 4 +3-4 timar

Riggavdeling – Telt

Me ynskjer at dei som tek på seg vakt på riggavdeling – telt kan stille både på opprigg onsdag/torsdag, og på nedrigg søndag ettermiddag. Bakgrunnen for dette er at me trur det vert meir effektivt både på opprigg, og ikkje minst på nedrigg. Me opplever at me ikkje kan gje god nok informasjon og følgje opp på ein god nok måte, og håpar og trur at dette skal lette på akkurat det. Dei aller fleste telta skal opp onsdag, og ned igjen søndag. Avdelingsleiar på telt fordeler ulike oppgåver – på dei største telta nyttar ein heile vakta på eit telt, medan andre grupper sett opp fleire mindre telt i løpet av ei vakt. Delvis fysisk arbeid. Ein jobbar fleire lag. Der ein gjennomfører opprigg, er og der ein skal gjennomføre nedrigg.

Ca. dugnadstimar: 4 + 3-4 timar

Riggavdeling – Transport

Me ynskjer at dei som tek på seg vakt på riggavdeling – transport kan stille både på opprigg onsdag/torsdag, og på nedrigg søndag ettermiddag. Bakgrunnen for dette er at me trur det vert meir effektivt både på opprigg, og ikkje minst på nedrigg. Me opplever at me ikkje kan gje god nok informasjon og følgje opp på ein god nok måte, og håpar og trur at dette skal lette på akkurat det. På transport er hovudoppgåva å transportere utstyr som dei ulike avdelingane har behov for. På transport treng ein folk i god tid før Voss Cup, onsdag og torsdag før helga, søndagen under Voss Cup og noko køyring i veka etter Voss Cup. Avdelingsleiar samarbeider med dei andre avdelingsleiarane og sett opp oppdrag i forkant. Ein må og pårekne litt transport som dukkar opp undervegs. Fint om dei som kan stille med større bilar, tilhengarar o.l. melder seg til transport. Fint om ein gir beskjed om førarkort i dugnadsskjema. Bruk kommentarfeltet til å oppgje transport, og kva dagar som eventuelt passar best i forkant av Voss Cup.

Ca. dugnadstimar: 4 + 3-4 timar