Dugnadsskjema

Ingen dugnad – ingen cup. Me i Fotballklubben Voss er stolt arrangør av denne festhelga for barnefotballen, og er heilt avhengig av hjelp frå dykk for å få det til. I utgangspunktet ynskjer me at alle føresette i klubben skal ha ei dugnadsvakt kvar, også dei som er trenar eller lagleiar for eit lag. Spelarane som er for gamle til å delta skal ha minst ei dugnadsvakt kvar under cupen. Merk at dei fleste ungdomslaga har ein lagdugnad i tillegg, som dei får betalt for. Den skal ikkje gå på bekostning av den ordinære dugnaden. Det er med andre ord ei travle helg for alle involverte, men det er også veldig kjekt å vera ein del av dette. Saman skapar me uforgløymelege minner for tusenvis av born, og ikkje minst masse aktivitet. Tusen takk for at du stiller på dugnad!
Det er fleire ulike vakter å velge mellom. Informasjon om dei ulike vaktene finn du her https://vosscup.no/frivillig/informasjon-om-dei-ulike-dugnadsvaktene/.
