
Velkomne til Voss Cup 2024!
FBK Voss har gleda av å ynskja dykk alle hjarteleg velkomne til Voss Cup, Noregs største barnefotballturnering.
Me er utruleg glade for, og ikkje minst audmjuke over den store pågangen me har opplevd i år. Allerede i starten av mars var Voss Cup fullteikna, og me har i år 725 påmeldte lag. Å laga fotballcup for så mange born er ikkje ei oppgåva me tar lett på, og me jobbar hardt heile året for at Voss Cup skal verta ei positiv og minnerik oppleving for både små og store.
Vårt aller største ynskje er at alle skal ha det bra på Voss Cup, og i den samanheng har me lansert våre heilt eigne voksenreglar. Reglane finn du lenger bak i avisa, og me ber om at alle respekterer desse reglane.
I år kjem Voss Cup i ei litt grønare drakt. I samarbeid med Bir ynskjer me å ha endå større fokus på kjeldesortering. Rundt på turneringsområdet kjem de til å finna mange miljøstasjonar, og me håpar alle vil hjelpa oss med den viktige sorteringsjobben.
Det skjer mykje på Voss Cup, men eg ynskjer å tipsa dykk alle om eit spesielt arrangement. Fredag kl 17.00 spelar Superlaget til FBK Voss oppvisningskamp mot Voss Allstars, på bane 1. Møt opp for å heia, me kan garantera god stemning. Dette vil du ikkje gå glipp av!
Me er uendeleg takksame for alle gode hjelparar som jobbar dugnad før, under og etter Voss Cup. Det vert lagt ned enormt mange dugnadstimar, og me er heilt avhengig av all den hjelpa me kan få, for å kunne arrangera fotballcup. Tusen takk for framifrå innsats!
Med dette ynskjer me dykk nok ei gong velkomne til årets Voss Cup, og lukke til! Me håpar alle får ei fantastisk fotballhelg med masse idrettsgleda!
Beste helsing
Kjersti Solvoll Bakketun
– Turneringsleiar-