Fototider er no publisert. Sjekk tidene her!
No er fototider publisert, og du kan no sjekke når laget ditt skal møte til fotografering.
Sjekk ut når ditt lag har fått tildelt fototid her: Fototider
På fotoarka som de får utlevert ved innsjekk står det lagsnummer og talet på deltakarkort. Om det vert kjøpt fleire deltakarkort, spesielt til spelarar, så er det viktig at antalet på fotoarket vert oppdatert før de tek bilete slik at de får utlevert nok diplomar. Foto tek ein nede ved aktivitetsparken, og vert trykt på diplomet ein henter ut i sekreteriatet.
Viss fototidene kolliderer med kamp, så kontaktar ein fotografen på Prestegardslandet for å endre tida. Avtal ny tid direkte med fotografen. Når diplomet er klare kan desse hentast i sekreteriatet.
Dei laga som tar bilete på fredag kan henta diploma etter kl 15:00 på laurdag.
Dei laga som tar bilete på laurdag kan henta diploma etter kl 10:00 på søndag.
NB! Hugs å ha med fotolappen når de hentar diplom i sekretariatet.

