Voss München møtte Nymark til første kamp på Hirth-Himle-banen
Voss München møtte Nymark til første kamp på Hirth-Himle-banen

Voss cup er i gang

Presis kl 17 vart dei første kampane blåst i gang. I løpet av Voss Cup skal over 1400 fotballkampar spelast og dei første skåringane kom raskt, med tilhøyrande jubel frå både spelarar og publikum. Voss München møtte Nymark til dyst alt i første kamp på Hirth-Himle-banen (bane 2)

Etterkvart som kampane skreid fram, kom det utrop av både glede og spenning. Felles er at alt skjer i positiv fotballglede.

Kampane går føre seg på over 30 fotballbanar, og alt før første sparket var tatt, var det eit yrande folkeliv.