
Trikseshow med Sindre i aktivitetsparken
Sindre Herre Hansen frå Voss imponerte alle med triks og ballkontroll heilt utanom det vanlege i aktivitetsparken. Fekk du det ikkje med deg? Nytt show kl 14, same stad, aktivitetsparken mellom Utescenen og Vangsvatnet.
Sindre har satsa på Freestyle fotball (fotballtriksing) i ni år, og er no rangert som nummer 2 i sporten i Noreg.








22-åringen frå Bjørgum har spelt fotball for Voss, under Voss Cup underhald han publikum med triks og ballkontroll som få kan gjera opp etter han.
Og det var tydeleg at mange unge fotballspelarar likte det dei fekk sjå, og flokka seg straks rundt triksaren for å ein selfie og ein prat. Sindre tok seg god tid til alle som ville ha foto, og viste også nokre ekstra triks. Til dømes baklengs salto med ballen i beina.


Så, vil du sjå spektakulære fotballtriks i spektakulære omgjevnader, ta turen til aktivitetsparken kl 14. Vil du lesa meir om Sindre, kikk på heimesida hans: https://www.sindrefreestyle.com