Regjeringa la i byrjinga av april fram planen for gjenopning av landet. Med dei fylgjande restriksjonar som Iåg i kvar av fasane for gjenopning har me brukt mykje tid på å rådføra oss med helsemyndigheiter og andre relevante instansar. Me har heile vegen jobba med fleire scenario med alt frå full gjennomføring, til eit arrangement utan overnatting, ein dagsturnering.

På bakgrunn av smittevernrestriksjonar som føreligg, gjenopningsplanen, samt dei råda me har fått frå kommuneoverlegen og fylkeslegen, har me konkludert med at det ikkje lenger er mogleg å gjennomføre ein tradisjonell Voss Cup.

Tryggleik for borna er alltid fyrst på vår prioriteringsliste.

Me ser at omfattande smittevernstiltak og antalsbegrensingar vil medføra at Voss Cup misser sin eigenart som ei totaloppleving med fotball, aktivitetar, fellesskap og nye vener for store og små.

Planen for gjenopning er delt opp i fleire fasar med tilhøyrande restriksjonar. Mest sannsynleg er me i fase 2 eller heilt i byrjinga av fase 3 når Voss Cup skal avviklast. Fyrst i Fase 3 opnar ein opp for arrangement innan regionale kommunegrenser. For idrettar med nærkontakt er det ikkje anbefala å krysse kommunegrenser, slik situasjonen er no.

Me ser difor at me i år må begrensa Voss Cup til ein lokal cup for lag frå Voss Herad.

Til sist vil me presisera at Voss Cup ynskjer å vera Noregs beste arrangement for born og unge. Me byrjar difor allereie no å sjå framover mot 2022. Voss Cup er ei merkevare som skal opplevast og nytast i sin helheit av deltakarar, foreldre, samarbeidspartnarar og øvrige. Det er berre å byrja å gleda seg til 30 – års jubileum 10.–12. Juni 2022.

Ta vare på kvarandre – God sommar!

Informasjon til lag som er påmeldt i 2021 gjeld og lag som ynskjer å melda seg på i 2022 vil koma innan kort tid på våre heimesider!

For lag i Voss Herad

Fotballfesten blir lokal, fyrst og fremst på grunn av at det ikkje er lov å samle lag på tvers av kommunegrensene. Slik det er no, er det ei opning for å gjennomføra ei redusert utgåve av Voss Cup kun for lokale lag. Alle lokale klubber vil få eigen info om dette.

Påmelding for lokale lag

Venleg helsing

Turneringsleiar Voss Cup

Hallgeir Finbråten

95 17 14 88