a

God jol og godt nytt Voss Cup-år!

Denne glade gjengen er snart klar for jolaferie, men fyrst vil me gjerne få takka dykk alle for engasjementet og interessa de syner for Voss Cup. Me er takknemlege for den enorme responsen, og jobbar kvar dag for at Voss Cup 2025 skal verta så bra som mogleg. 

Til dykk som står på ventelista; me slepp inn lag fortløpande dersom nokon trekk eit lag, og jobbar for at alle som vil skal få bli med på Voss Cup. 

Me håpar og trur at Voss Cup 2025 skal verta ei fantastisk fotballhelg. Me held fast på mykje av det etablerte og tradisjonelle, samstundes som me heile tida søkjer utvikling og nyvinning. Voss Cup skal fyrst og fremst vera ein fotballcup med kvalitet i alle ledd, ein cup det er trygt å koma til, og ein cup med fokus på samhald, inkludering, meistring og idrettsgleda.

Ta ein kikk her på nettsida vår for praktisk informasjon om Voss Cup, og følg oss gjerne i sosiale media for å halda deg oppdatert på siste nytt. 

Me gler oss til å sjå dykk alle på Voss i juni.

God jol og godt nytt år frå Knut-Erik, Hallgeir, Magne, Sjur og Kjersti!