Dei siste månadane har nyheitsbilete i stor grad vore prega av coronavirus.

Me i Voss Cup føreheld oss til Folkehelseinstituttet og Kommuneoverlegen på Voss og vil fylgja utviklinga og dei råda som vert gjevne.

Ut frå dagens anbefalingar frå relevante myndigheiter er det ingenting som tilseier at me vil ha problem med å gjennomføre vår turnering.

Eventuelle endringar og informasjon vil fortløpande bli lagt ut på våre heimesider.

Hjarteleg velkomen til Voss og Voss Cup!