Matservering i Kavlihallen

Foto: Natasha Lansiquot
Dei som har kjøpt A- og B-kort har tilgang til matservering. Kavlihallen finn ein i 1.etg i Voss Idrettshall. Inngang på oppsida av hallen. Er det lang kø så oppmodar me alle om å vere tålmodige og følgje køsystemet. Sniking er ikkje Fair play.
Ein må syne bandet (deltakarkortet) i døra før ein går inn og et. Dei som har allergiar skal i tillegg til A- og B-kort få eit ekstra band som syner at dei skal ha anna type mat. Ein får ikkje tilgang til spesial-mat utan at ein har dette båndet. Dette hentar ein ut når laget sjekkar inn i sekretariatet.
Allergiar skal meldast inn i forkant ved lagspåmeldinga i profixio under spelarar. Her skriv ein namn og kva type allergi det gjeld.
Det er ikkje tilgang til toalett eller å fylle på flasker i matsalen. Me set pris på at alle ryddar etter seg.
Opningstider i Kavlihallen
Kveldsmat fredag | 18:00 – 21:30 |
Frukost laurdag (m/matpakke) | 07:00 – 11:00 |
Middag laurdag | 13:00 – 19:00 |
Frukost søndag (m/matpakke) | 07:00 – 11:00 |
Under frukost på laurdag og søndag er det moglegheit for å smøre seg niste.
Me oppmodar alle om å sortera søppelet i riktig søppelspann.