Lagfoto
Fotografen er til stades fredag 18.00-20.00 og laurdag 10.00-14.00. Alle som har bestilt fotografering må sjølve finna seg eit tidspunkt der dei møter hjå fotografen innanfor desse tidene.
Alle lag på Voss Cup får tilbodet om å kjøpa lagfoto til ein rimeleg pris. Ein bestiller foto og antal eksemplar under «Tjenester» i Profixio. Her opprettar ein også faktura og betaler.
Pris for fotografering: 160 kr
Pris per fotoutskrift: 25 kr
Tek de bileta på fredag så kan de hente ut foto frå laurdag 15:00. Om de tek bilete på laurdag så kan de hente foto på søndag frå 10:00.
NB! Hugs å ha med fotolappen når de hentar foto i sekretariatet.
Lagfoto vert tatt med Vangsvatnet som bakgrunn, rett ved aktivitetsparken (sjå kart).
