_R2I4150

Voss Cup 2024 er fullteikna

Me er i ekstase over den gode påmeldinga til årets cup, men no må me diverre stenga for fleire lag.

Det er utruleg kjekt at me no har 670 påmeldte lag som gler seg til cup. Diverre er det også ein del som no vert skuffa over å ikkje få plass. Det syns me er veldig leit. Årets påmelding har gått over all forventning, og me ser oss difor nøydd til å stenga påmeldinga tidlegare enn forventa. Me har også mange lag på ventelista, som me håpar å kunne gje plass etterkvart. No jobbar me med å tildela overnattingsplassar, og når den jobben er gjort ser me om me har plass til fleire lag frå ventelista. I tillegg vil me fortløpande sleppa inn eitt og eitt lag frå ventelista, dersom påmeldte lag trekker seg.

Me oppmodar alle påmeldte lag som skal ha overnatting gjennom oss om å bestilla A-kort så fort som mogleg, slik at tildelingsjobben kan gå endå raskare.

Tida går fort fram til juni, og me jobbar hardt for at alle som kjem på Voss Cup skal få ei best mogleg oppleving. Velkomne til oss 14.-16.juni!

Til deg som ikkje fekk plass i år; velkomen til Voss Cup 13.-15.juni 2025!