IMG_2892

Voss cup + badeliv = sant

Det var eit yrande badeliv på Grandane ved Vangsvatnet heile laurdagen. 30 grader og varme bein og hovud gjorde det heilt nødvendig med ein dukkert for mange unge fotballspelarar på årets Voss cup.

Gutane frå Brann kom rett frå kamp til bading. Det var så vidt dei hadde tid til å ta av seg drakta før dei sprang ut i det kalde Vangsvatnet. «Det er kjempedeilig, men ganske kaldt», seier gutane i kor. Dei gjetta at det var om lag 12 grader i vatnet i dag, men det stoppa ikkje dei frå å posere liggande i vatnet for fotografen! Oliver, Olav, Alexander, Markus, Ingebrigt, Rasmus og Henrik kunne fortelje at dei var ubesigra i Voss cup så langt, og at fotball «absolutt er den beste sporten!».

«Dette er litt som å vera i Spania! Voss Cup er gøy!»

Tertnes sitt J10 lag var godt førebudd og hadde med seg eit partytelt på stranda. «Vatnet er kjempedelig, men ganske kaldt!». Dei gjetta at det var ein plass mellom 8 og 12 grader, men dei insisterte på at det vart betre om dei vart liggande ei stund i vatnet. «De må sei kven som var først i vatnet!», kjem det frå teltet. Jentene kunne motvillig fortelje at det var trenaren som var først. Jentene seier at det er i varmaste laget for å spele fotball, men at dei også har førebudd seg med ei bøtte med vatn og svamp til å kjøle seg ned. «Me er ubesigra så langt i cupen, ikkje for å skryte, altså.» Bøtte, svamp og partytelt er tydeligvis tingen!

«Voss cup er kjempegøy!»

«Det kjennes ut som om me har vore ei veke på sommarferie!»