Park-hotell

Stemningsrapport frå skulane og hotella

Godt over 4000 personar overnatter på Voss i regi av Voss cup denne helga. Her møter du eit lite knippe av dei.

I sal 1 på Park hotell bur Nordre Holsnøy G10, eller NHIL, som gutane helst vil verta omtala som. «Me sov ikkje så godt i natt, for det var ein pappa som snorka!» smell det frå ein av gutane. Redaksjonen velgjer å halde vedkommande anonym. Samuel vakna kl 04.30, men det løyste han greit ved å sjå ferdig Iron Man. «Eg fall på gulvet i natt», seier William. Trass manglande søvn er stemninga svært god i gjengen frå Nordre Holsnøy. Dei gledar seg til tre nye kampar laurdag, og vil ha det notert at dei vart snytt for sigeren i går då dei ikkje fekk tildelt ein straffe i sluttminutta. «Voss cup er skikkelig gøy!», seier gutane i kor.

På Vangen skule er det full kok i klasserommet til Øygarden G9. Dei hadde sove godt, og temperaturen var til å leve med. Vegar fortalde at han hadde vakna kl 02, men sovna igjen. På morgonen vart han vekt av at nokon kasta puter han. Då var det vel på tide å stå opp? Verre var det for lagleiaren. Då ho vakna var alle dei andre gått for å ete frukost. Ikkje alle på Øygarden G9 valde å bu i klasserom, og gutane kunne fortelje at minst fire spelarar bur i campingbil i staden. «Me vinn litt og me tapar litt, men Voss cup er kjekt», seier gutane medan dei herjar rundt på ledige luftmadrasser.

Desse jentene frå Askøy har det skikkelig kjekt på Voss cup! I klasserommet på Palmafossen har dei med seg bamsane for litt ekstra tryggleik. Dei kjem godt med, sidan dei også utvekslar morosame spøkelseshistoriar! Jentene har sove godt på skulen, og dei gledar seg masse til kampane i dag!