Status tal på meldte lag Voss Cup 2022

Me har no over 600 lag påmelde til Voss Cup 10.-12. juni 2022! 


Det er gledeleg at så mange vert med i år, og det er framleis nokre ledige plassar til dei som ynskjer å delta. Siste frist for påmelding er 17. mai.

Kampoppsett og liste over overnattingssteder vert ferdigstilt og lagt ut på nettsida rundt 1. juni. Sjå liste over viktige datoar her.

Etter tunge år med pandemi og restriksjonar gler me oss stort til ein fartsfylt, sosial og minnerik fotballhelg for jente- og gutelag i alderen 7 til 12 år på Voss i juni.


Meld dykk på mens det framleis er ledige plassar! Ikkje nøl med å ta kontakt om det er noko de lurar på.

Beste helsing,
Hallgeir Finbråten

Turneringsleiar og marknadssjef, Voss Cup
tlf. 95 17 14 88