3 generasjonar dugnadsarbeidarar

Utan dugnadsarbeid hadde det ikkje vorte noko av landets største barnefotballturnering. Kvart år stiller hundrevis av frivillige opp for Voss Cup, og nokon av dei er meir ivrige enn andre. Asbjørn, Mona og Emma-Louise er tre generasjonar dugnadsarbeidarar på Voss Cup!

Ingen Dugnad - Ingen Cup! Voss Cup barnefotballturnering på Voss - Hordaland.
Sol eller regn – dugnadsviljen er alltid på plass!

Ingen dugnad – ingen cup

Mona Tryti Lansiquot

Dommaransvarleg og eldsjel

Asbjørn Vange Tryti er ei av eldsjelene som verkeleg har gjort ein viktig innsats for Voss Cup gjennom åra. Han har vore med heilt sidan oppstarten i 1991, og frå 1994 til 2010 var han dommaransvarleg.

– Ungane mine slutta å spele i 2001, men eg vart no med vidare likevel. Det er eit kjekt miljø, og eg tenkjer at det er viktig å stille opp og gjera ein innsats for klubben, fortel Asbjørn.

Sidan 1994 er det berre eitt år han ikkje har delteke på Voss Cup!

– I 2013 måtte eg stå over, men ellers har eg vore med kvart år. Eg har ein plan om å vera med eitt år til i alle fall, då vert det 30 år til saman! Eg vert jo eldre, og det går ut over ryggen og gå rundt å følga med på kampane, men så lenge me er friske går det bra, seier Asbjørn.

Asbjørn har mange gode minne frå Voss Cup opp gjennom, men det som står sterkast er finalekampen i 1994:

– 1994 var det fyrste året eg var dommaransvarleg, men eg fekk ikkje dømma finalen mellom Voss og Vadmyra fordi dotter mi var med å spele. FBK Voss leia kampen 1-0 heilt til det berre var sekundar igjen, så utlikna Vadmyra. Det vart 1-1, men Vadmyra vann grunna fleire hjørnespark – det var bittert! fortel Asbjørn. (Kampen Asbjørn referer til, er omtala i Avisa Hordaland si dekning frå Voss Cup 1994 – trykk her for å sjå meir – red.mrk)

Sarah Jane Tryti Lansiquot J2011 - FBK Voss i aksjon Kiwibanen 2022
Sarah Jane Tryti Lansiquot J2011 – spelar sin siste turnering 2023. I 2024 skal ho også jobbe dugnad.

Sekretær og digital marknadsførar

Dottera Asbjørn snakkar om kom seg heldigvis etter finaletapet: Mona har sjølv lagt ned mykje og variert frivillig arbeid i cupen sidan ho slutta å spele sjølv.

– Då eg vart tretten år og for gammal til å spele sjølv var det rett i dugnadsarbeid. Pappa dreiv på døgnet rundt og det var mykje å gjera. Eg var vel ein slags sekretær i dei åra, eg hugsar eg sprang rundt og hjalp til med alt mogeleg. Då han slutta som dommaransvarleg hadde eg pause nokre år, men så vart eg med att då dotter mi vart gammal nok til å spele, i 2015, fortel Mona Tryti Lansiquot.

Dei siste åra har ho hatt mange og varierte oppgåver for Voss Cup: – Rolla mi no er variert, det har blitt mykje digital marknadsføring, sosiale medium, foto, film og innhaldsproduksjon etter kvart, seier Mona.

Voss Cup - barnefotball turnering på Voss.

Fyrste år som frivillig

Dotter til Mona heiter Emma-Louise (12), og i 2022 var ho for fyrste gong for gammal til å spele på Voss Cup.

– Det året ein vert tretten og ikkje kan vera med lenger skal me vera miljøarbeidarar, det er fast, seier Emma Louise.

Ho har hatt mange gode opplevingar på cupen, og i 2018 var faktisk den einaste på laget som scora mål, hugsar mora! Så er jo spørsmålet: Vert Emma-Louise med som frivillig i åra som kjem?

– Ja, eg trur no det! svarar ho.

Tekst/Foto - Lars Finborud/Sverre Hjørnevik - Medesmidjo AS