Miljø og søppelhåndtering
Vår flinke miljøpatrulje jobbar knallhardt heile helga for at det skal sjå reint og fint ut under Voss Cup. Dei plukkar bos, tømmer dunkane og sorterer avfall. Dei gjer ein utruleg viktig jobb, men me treng likevel dykkar hjelp.
Me set ut eit stort antal bosdunkar på cupområdet. Desse er tydeleg merka, slik at det skal vera enkelt å sortera riktig. Difor oppmodar me alle våre besøkande om å ta med seg sitt bos og kasta det i riktig dunk. Det er eigentleg veldig enkelt, og alle får til dette. Saman skapar me ein reinare og meir miljøvennleg cup.
