VELKOMEN TIL VOSS CUP 16.–18. JUNI 2017

Trafikk/ Transport


TRAFFIKKAVVIKLING/ PARKERING

Det er venta mange tilreisande til Voss i samband med turneringa. Voss Cup har eit samarbeid med politiet når det gjeld trafikkdirigering og parkering. Voss Cup vil i tillegg ha eigne parkeringsvakter som organiserer trafikken i nærleiken av baneområdet. Ein oppmodar samtlege om å fylgja dei informasjonsskilta og tilvisingar som vert gitt.

BRUK BILBELTE

MERK: På mange kommunale og nokre private parkeringsplassar lyt ein betale parkeringsavgift fredag før kl. 17 og laurdag kl. 09-15. Unngå unødig P-gebyr.

Grunna stor trafikk på E16 må ein rekna seg god tid. Lokale lag vert oppmoda om å ikkje å køyra til turneringsområdet.

 

TRANSPORT

Grunna stor trafikk til og frå Voss i samband med Voss Cup, vert laga oppmoda om å reisa kollektivt.

Voss Cup har oppretta ein stor parkeringsplass ved sidan av REMA 1000 og Elkjøp i Skulestadmo.

Me køyrer shuttlebussar til og frå som ein del av tilbodet.

I tillegg har me bussar som køyrer laga som ikkje kan nytta shuttlebussane. Buss kan tingast frå sekretariatet på telefon 469 20 747. Dette tilbodet gjeld deltakarar med A-kort.

Shuttlebuss t/r turneringsområde køyrer etter fylgjande modell:

  • Fre. kl. 16.30 - 21.30 med ein buss som går kontinuerleg.
  • Laur. kl. 07.00 - 22.00 med to bussar, avgang kvar heil- og halvtime både frå Skulestadmoen og frå Sentrum.
  • Søn. kl. 07.00 - 13.00 med to bussar, avgang kvar heil- og halvtime både frå Skulestadmoen og frå Sentrum.

Ruta vert frå busstopp ved Tinghuset  – Palmafossen – Skulestad skule – REMA 1000 . Og det same i retur.

Det vert ikkje oppstart før kl. 16.30, då laga ikkje har tilgang på skuleområdet før kl. 17.00 på fredagen.

 

VEGVISAR TIL OVERNATTINGSTADER UTANFOR BANEOMRÅDET

Tal i parantes er meter frå lyskrysset på Sverres plass (lyskryss) i Voss sentrum. Nullstill tripteljar. Frå Idretthallen: Legg til 300 m for Bulken, Gullfjordungen og Rogne, 500 for dei andre.

 

 Bjørgum skule

Rett fram i lyskrysset, og rett fram etter brua over Vosso. Under jernbanen (1600). Til høgre i vegkryss (1850) skilt til Granvin og Bruravik. Rett fram i krysset til Mjølfjell. Fylg Rv 13 langs sykkelstien til Bjørgum (8100). Sving av til venstre, skilt til Fenne. Deretter straks til høgre og oppover Fennavegen. Sving skarpt til venstre (9150) i ein uoversiktleg høgrekurve, kvite skilt til Bjørgum skule og Idrettsplass. Pass på kraftige fartsdumpar! Hald til høgre i einvegssløyfe ved idrettsplassen (9800). Sving ut av sløyfa til høgre ved grøn trafokiosk (9840). Parkeringsplass (9900) på høgre side, skulen på venstre.

 Bordalen skule/ ungdomshus

Køyr rett fram i lyskrysset. Sving 90 grader til høgre rett etter brua over Vosso (300), og så STRAKS like skarpt til venstre. Gult skilt til Rong 15 km. Bordalsvegen svingar først til venstre ved Haugamoen Daglegvare (750) og i ein stor boge mot høgre (frå 1300) og stig mot eit fint utsyn over Vangen og Vangsvatnet til Rokne (3400) er passert. Svingar inn i sjølve Bordalen (3800). Køyr varsamt på smale parti. Sving til venstre rett før busskur (7200) inn på grusveg. Kvit skilt Bordalen skule. Skulen ligg 200 m oppe i grusvegen.

 Bulken skule

Køyr E16 mot Bergen. Avkøysle til Dyrvedalen til høgre (6200). Køyr gamlevegen mot Bulken. Hald til venstre i vegskille til Honvesvegen (6350) og Dyrvedalen (6700). Sving til venstre inn på skuleplassen rett før gult skilt til Giljarhus på høgre side.

Frå Bergen: Avkøyrsle til Dyrvedalen til venstre 3,2 km etter passering av Lilandsbrua (osen av Vangsvatnet) på Bulken. Køyr gamlevegen attende mot

Bulken. Eller: Avkøyrsle mot Bulken og Hamlagrø til venstre rett etter Lilandsbrua. Køyr opp første bakken, og sving til høgre rett før gult skilt mot Hamlagrø. Køyr gamlevegen mot Voss. Skulen ligg på høgre side etter 2,4 km.

Gjernes skule

Køyr rett fram i lyskrysset, skilt til Gjernes. Sving 90 grader til høgre rett etter brua over Vosso (300) Skilt Gjernes. Køyr Gjernesvegen langs elva og opp bakken frå Norsk Kunsthandverksskule (særmerkt raud/gul bygning). Etter venstresvingen på toppen ligg skulen like etter bustadfeltet og barnehagen på høgre side (2000).

 Gullfjordungen skule/ Voss Husflidskule

Ta utgangpunkt i Sparebankhjørnet (570) diagonalt over Vangsgata frå Vangskyrkja (via E16 mot Bergen og til høgre ved Park Hotell (500)). Køyr etter skilta til St. Olavs Senter via Gullfjordungsvegen og (frå 1550) Finnesvegen som i Seimshagen (2350) svingar nesten 180 grader. Frå St. Olavs Senter (2700) ser du skulen rett nedanfor. Køyr ned Kalvatrevegen til skulen (3000). Det er også lovleg, men lite tilrådeleg, å køyra via tunet til Voss Folkehøgskule. Køyr E16 mot Bergen forbi Fleischer's og Voss Ungdomsherberge. Ta til høgre i avkøyrsla rett før fotgjengarfeltet (1800). Køyr over jernbanebrua og 90 grader til høgre rundt hushjørnet i svingen med spegel. Sving skarpt til venstre like etter Voss Husflidskule (2200) og køyr etter skilta til St. Olavs senter. Til fots er det greiast å gå bak BOB-blokkene i Hangursvegen og over jernbanebrua ved Fleischer's Hotell.

Viljar klubbhus

Køyr rett fram i lyskrysset, skilt til Gjernes. Køyr rett fram også etter brua over Vosso. Køyr Hardangervegen langs Raundalselva, under jernbanebrua (1.600) og fram til krysset med riksveg 13. (1.800) Sving til høgre. Skilt mot Granvin. Sving til venstre i krysset på Palmafossen. (2.500) Skilt mot Mjølfjell. Skulen (2.800) er første bygning (raud) på høgre sida etter brua over elva. Viljar klubbhus: fortset 100m forbi skulen og ta til høgre mot Bømoen. Første hus på høgre side ved idrettsbanen.

 Rogne vidaregåande skule/ Lundhaugen barnehage

Finn skilt til Voss Sjukehus på Torget (450) aust for Vangskyrkja. (Til Torget: Via E16 mot Bergen til Voss Tinghus (300) til høgre før kyrkja). Køyr inn i Vangsgata og til høgre ved Vekselbanken, under jernbanen og opp Ringheimsvegen etter skilta til Fylkessjukehuset. Skulen ligg rett på oppsida av avkøyrsla (1100) frå Ringheimsvegen til sjukehuset. Til fots er Rognsbakken ein snarveg. Lundhaugen barnehage: ligg 100m forbi innkørsla til Voss Sjukehus på høgre side.

 Skulestad skule/ Voss Jordbruksskule

Sving til venstre i lyskrysset, skilt mot Oslo. Køyr E16 langs Strandaelva, sving til venstre i krysset med riksveg 13 i Lundarosen (1300). Køyr E16/13 langs Lundarvatnet. Voss jordbruksskule (2800) på høgre side. Skulestad skule er vidare rett fram i krysset i Skulestadmo sentrum (3300) ved Coop Extra og sideveg til Nedkvitne. Køyr berre ca 100 m forbi krysset. Sving inn til venstre på sideveg Myraplassen (3400) før byggvarebutikk og bensinstasjon på høgre side av E16. Skilt Skulestad skule står på høgre side av vegen. Sidevegen svingar til høgre etter ca 50 meter. Sving til høgre der vegen deler seg i enden av rett strekning. Vegen fører mot venstre bak busstopp på E16 og inn på skuleplassen (3750).

 Voss barnehage

Sving til venstre i lyskrysset når du kjem frå Bergen, skilt mot Oslo. Køyr E16 langs Strandaelva, sving til høgre i krysset med riksveg 13 i Lundarosen (1300). Køyr over brua og så første veg til høgre (ca. 200 m frå krysset). Du passerer då Felleskjøpet på venstre side og Fargerike Tvilde på høgre side. Etter ca. 100 m finn du Voss barnehage på venstre side. Området Voss barnehage ligg på heiter Tvildemoen.

 Regnbogen barnehage, Brynaskogen 38

Køyr rett fram i lyskrysset, skilt til Gjernes. Køyr rett fram også etter brua over Vosso. Køyr Hardangervegen til avkøyrsla til høgre på Brynavollen. (1.200) Skilt til Voss Handelshus og industriområde. Køyr mot Lid. (2.300) Sving til høgre, Brynaskogen. De finn Regnbogen barnehage like etter Voss Vgs avd Bryn, på venstre side.

 Voss vidaregåande skule, avdeling Vatle. (Vatletun)

Køyr rett fram i lyskrysset, skilt til Gjernes. Sving 90 grader til høgre rett etter brua over Vosso (300) Skilt til Gjernes. MEN sving deretter STRAKS nesten like skarpt til venstre. Kvitt skilt til Voss vg.skule. Køyr oppover Bordalsvegen (bein gate). Sving 90 grader inn andre køyrbare sidegate til venstre, Furevegen (650), skilt Voss vg. skule. Skulen ligg i neste kvartal på høgre side. Sving inn første sidegate til høgre (750) og til venstre inn på tunet (800).