Voss Cup gjennom 30 år
1991
Fotballklubben Voss med ny stor grasbane-turnering
"Voss Cup 1991 er ei markering av 70-års jubilèet for Fotballklubben Voss, men me satsar på at dette vert ei årleg turnering seier leiar for hovedkomitèen Sigfred Sivertsen." Les meir i digitalt arkiv (abo): avisa hordaland-13-06-1991 og avisahordaland-18-06-1991.
Voss Cup 1991
- 206 lag
- 1100 fotballspelarar
- 7-12 år
- 20 timar med fotball
- 935 mål
- 2 grasbanar
- 200 dugnadsmedarbeidarar
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Geir Arne Aspebakken, Gjertrud Hegg Reime
1992
Nær 1900 fotballglade klare for Voss Cup '92
"Tilbakemeldingane me fekk ifjor var svært positive. Stikkord er kompakt løysing, eit flott idrettsanlegg i vakre omgjevnader - òg, ikkje minst, alle kampane går på grasbanar, seier turneringsleiar i FBK Voss, Sigfred Sivertsen." Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-18-06-1992
Voss Cup 1992
- 200 lag
- 1800-1900 fotballspelande gutar og jenter
- 200 dugnadsmedarbeidarar
- 3000 tilreisande
- 7-12 år
- 329 kampar
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Geir Arne Aspebakken
1993
Fotball, sol og glade dagar
"Tre herlege dagar med fotball, fotball og atter fotball er over. Ungar i alle aldrar gav seg spelet om lærkula fullstendig i vald. Truleg var foreldre og leiarar minst like utslitne som spelarane seint sundag ettermiddag, for fotball er no ein gong slik at det engasjerer meir enn hjarte og stemmeband har godt av." Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-22-06-1993
Voss Cup 1993
- 213 lag
- over 2000 fotballspelande gutar og jenter
- 440 kampar
- 10 banar
- 300 dugnadsmedarbeidarar
- 40 dommarar
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Nils Kvamsdal
1994
Finale dramatikk
"Berre sekundar før 12-års jentene til FBK Voss kunne sleppa jubelen laus, reduserte Vadmyra til 1-1 og vann finalen med 5-3 i hjørnespark. Dei blåkledde jubla hemningslaust. Spelarane på heimelaget tusla av banen og let tårene blanda seg med søle og regn." Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-21-06-1994
Voss Cup 1994
- 260 lag
- 510 kampar
- 5000 tilreisande
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Geir Arne Aspebakken
1995
Jentene stormar fram
"-Den største utviklinga i Voss Cup finn du utan tvil i jenteklassane. Det fyrste året var det så få jentelag med at me måtte slå saman aldersklassar. No har me store årsklassar, og kvaliteten stig år for år, seier avtroppande turneringsleiar Sigfred Sivertsen." Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-20-06-1995
Voss Cup 1995
- 269 lag
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Nils Kvamsdal
1996
Fotball og jubel
"Turneringsleiar Kjartan Berland er sjølvsagt godt nøgd med tilskipinga. Han rettar ein takk og ros til dei 400 funksjonærane som stod på 24 timar i døgeret for å sikra suksessen. -Men grensa er nådd når det gjeld storleikeb, og me vil setja eit tak på 300 lag neste år, seier Berland." Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-18-06-1996
Voss Cup 1996
- 315 lag
- 640 kampar
- 2690 mål
- 26 fotballbanar
- 72 dommarar
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Alf-Haakon Harlem
1997
Trivlegare turnering utan sluttspel
"-Eg kan trygt slå fast at me har full kontroll. Absolutt alt har fungert knirkefritt. Dugnadsånda i klubben er fenomental. Dei omlag 500 foreldra og aktive som har jobba har gjort ein uvurderleg innsats. Eg har kunna gått rundt og smila og nynna for meg sjølv heile helga, ler Kjartan Berland." Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-24-06-1997
Voss Cup 1997
- 360 lag
- 722 kampar
- 3.671 mål
- 4.200 deltakarar
- 8.000-9.000 tilreisande
- 72 dommarar
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Geir Arne Aspebakken
1998
Vellukka - men Voss Cup kjenner seg "pressa"
"Nesten heilt knirkefritt, fint ver og ein fantastisk dugnadsgjeng, oppsummerer ein sliten og glad Odin Gunnar Lavik etter Voss Cup '98. Han er ikkje redd for å gjera cupen endå større" Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-23-06-1998
Voss Cup 1998
- 364 lag
- 728 kampar
- 3.671 mål
- ca 4.000 deltakarar
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Geir Arne Aspebakken
1999
Voss Cup er genialt!
"Det er ein fantastisk sak at me kan engasjera så mange små om noko så positivt, og få med så mange andre i tillegg, seier turneringsleiar Odin Gunnar Lavik." Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-19-06-1999 og avisahordaland-22-06-1999.
Voss Cup 1999
- 823 kampar
- 16 banar
- 4282 mål
- 650 dugnadsmedarbeidarar
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Geir Geitle og Alf-Haakon Harlem Foto: Sjur Herre
2000
Cupen der alle kan jubla
Voss cup 2020 vart eit einaste stort målkalas. Då turneringa var over sundag kveld, kunne turneringa summera heile 4.378 mål og ny skåringsrekord.
Jubel og glede. Svette og skrubbsår. Og fotball frå morgon til kveld. Slik er Voss Cup. Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-20-06-2000
Voss Cup 2000
- 410 lag
- 5000 fotballspelande gutar og jenter
- 16 banar
- 4.378 mål
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Rolf Tepstad
2001
Største og beste Voss Cup
Aldri større, aldri betre. Voss Cup 2001 er den største så langt. Og arrangementmessig den beste FBK Voss har skipa til. Takka vere perfekt samspel med vêrgudane vart det ei helg med berre smil og glede.
«Arrangementteknisk er nok dette ei av dei aller beste turneringane me har hatt.» Cupgeneral på overtid, Odin Gunnar Lavik, er smålåten men strålande nøgd dagen derpå. Eigentleg gjekk han av som hovudansvarleg for Voss Cup i november, men han laut til pers i år òg.
- «Torsdag og fredag var det fleire som hadde teke seg fri frå jobb, for å leggja alt til rette for Voss Cup. Eg har rekna litt på det og funne ut at me totalt snakkar om 20.000 dugnadstimar, og rundt 13.000 av desse i løpet av helga, seier Odin. 20.000 timar tilsvara i overkant av 10 årsverk!»
- «Det var god stemning heile vegen, med yrande liv i bassenget og i moen. Og me har berre fått overstrøymande positive tilbakemeldingar, seier turneringsleiar Odin Gunnar Lavik.»
Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-16-06.2001 og avisahordaland-19-06-2001
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Nils Kvamsdal og Olaug M. Lid Rogne. Foto: Nils Kvamsdal og Vidar Herre.
2002
Rekord-cupen vel i hamn
Rekordstore Voss Cup 2002 er vel i hamn - med både magi, moro og mange mål. Det har vore livleg over heile Prestegardsmoen og Vangen frå morgon til kveld, men det aller, aller meste har gått veldig greitt. Men no meiner Svein Erik Burud, dagleg leiar i FBK Voss, at cupen har nådd taket når det gjeld talet på deltakarar. 6.200 spelarar var med i helga, og i tillegg støymde fleire tusen andre involverte til bygda. Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-18-06-2002
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Terje Haugen
2003
Solskinnscupen
"- Me kjem ikkje utanom våre eigne funsjonærar. Dei gjer ein kjempejobb, og denne helga i året er det verkeleg sant at alle er like viktige. Me legg lista høgt for oss sjølve, men det er vel kanskje derfor me greier å halde så høg kvalitet heile vegen òg. Internt kan me vera kritiske. Me er nok altfor lite flinke til å skryte av oss sjølve, seier Ringen. Les meir i digitalt arkiv (abo): avisahordaland-24-06-2003
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: Nils Kvamsdal
2004
Les meir i digitalt arkiv (abo):
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist:
2005
Les meir i digitalt arkiv (abo):
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist:
2005
Les meir i digitalt arkiv (abo):
Kilde: Avisa Hordaland. Journalist: