hallgeir-velkomen

VossCup.no – få med deg nyheitsoppdateringane under cupen!

Me jobbar stadig med å utvikle Voss Cup, og i år ynskjer me å få til ei enda betre nyheitsdekning av cupen. Vosscup.no vil i år verte plattformen  ein nyttar for å formidle nyheiter frå cupen.

  • Nettsida vår vil forandre litt format under sjølve cupen, og det vil bli produsert fleire nyheitsartiklar i forkant, under og etter cupen. Me ynskjer ei meir levande nettside, og har gått litt vekk i frå den ferdigproduserte avisa som har vore tidlegare.

Det vil i år bli eit opplag av informasjonsaviser til alle laga. Her vil ein finne enkel info.

  • Denne avisa vil ein også finne lett tilgjengeleg på vosscup.no, slik at ein alltid kan ha informasjon tilgjengeleg. Bruk nettsida vår aktivitet for å finna informasjonen du treng.

Me ynskjer svært gjerne tips til saker me bør få med oss frå cupen, og send oss gjerne dine blinkskot og tips. Desse kan sendast til oystein@fbkvoss.no

Husk å fylg oss også på facebook og instagram – kom i cupstemning saman med oss!