Voss Cup – ei familiehelg
13.-15.juni 2025 er det duka for Voss Cup for 34.gong. Me gler oss allereie til å ta dykk i mot alle saman, og førebuingane er alt godt i gang.
Voss Cup er ei fotballhelg for heile familien; det har det alltid vore og det skal det fortsetta å vera. Her er foreldre, søsken, besteforeldre og all anna slekt og familie hjarteleg velkomne. Spelarane på Voss Cup er unge, og då er det sjølvsagt naturleg at mange ynskjer å ha med seg familie.
Spelarar som kjøper A-kort får tildelt overnatting på skule eller liknande. Me sel også A-kort for voksne, som er meint for trenarar/lagleiarar og andre foreldre som fylgjer laga på overnatting. Me har satt ei maksgrense på fire overnattande voksne per lag i aldersklassane 10-12 år. I dei yngste klassane oppmodar me om at ikkje fleire voksne enn naudsynt er med på overnattinga. Dette handlar rett og slett om at me skal få plass til flest mogleg lag og spelarar. Men me er ikkje vanskelege, og gjer så godt me kan for at alle laga skal få plass til alle sine.
For øvrig familie som skal vera med til Voss kan me tipsa om at det er mange gode moglegheiter for overnatting med fleire hotell og campingplassar, vandrarheim, og masse hytter og hus til leige. Ver ute i god tid, og bestill allerede no dersom du veit at du skal til Voss den helga. Påmeldinga til Voss Cup opnar 1.november, kva med å bestilla overnatting i same slengen? Hjarteleg velkomne til oss, alle som ein!