Voss Cup 2027 fullteikna
Frå me opna påmeldinga 1.november tok det berre tre dagar før Voss Cup 2027 var fullteikna med 720 lag. Me er overvelda over den enorme interessa, og utruleg glade for at så mange har lyst til å vera med på fotballfesten i juni. Dersom du ikkje har fått plass, er det fortsatt mogleg å melda seg på for å stå på ventelista. Meld på laget i Profixio på vanleg måte, så hamnar du automatisk på ventelista. Erfaringsmessig veit me at det vil verta endringar på deltakarlista, så det er fortsatt gode moglegheiter for deltaking sjølv om ein står på ventelista.
Me er allerede i full gang med planlegginga av Voss Cup 2027, og me skal gjera alt me kan for at det skal verta ei strålande fin oppleving for alle. Velkomne til Voss 11.-13.juni!
